Tsjernivtsi

From Wikipedia, the free encyclopedia

Tsjernivtsi
Remove ads

Tsjernivtsi (ukrainsk skrift Чернівці́, rumensk Cernăuți) er ein by sørvest i Ukraina, ved den øvre leia til elva Prut. Tsjernivtsi er det administrative senteret i Tsjernivtsi oblast (provins) - den nordlege, ukrainske delen av den historiske regionen Bukovina. Byen har kring 240 000 innbyggjarar (2001).[3]

Kjappe fakta Land, Oblast ...
Remove ads

I lag med byen Lviv vert Tsjernivtsi rekna som eit kulturelt senter i det vestlege Ukraina. Historisk sett var Tsjernivtsi derfor kalla «Vesle Wien».[1][2] Byen er òg eit stort trafikknutepunkt for veg og jernbane og husar ei internasjonal lufthamn.

Remove ads

Namn

I tillegg til det ukarainske namnet Tsjernivtsi har byen ulike namn på andre språk som har blitt brukt av desse språkgruppene gjennom tidene: Rumensk Cernăuți, tysk og jiddisch Czernowitz, polsk Czerniowce, ungarsk Csernovic, russisk Черновцы́, Tsjernovtsy (til 1944 Чернови́цы, Tsjernovitsy).[4]

Geografi

Tsjernivtsi ligg i den historiske regionen Bukovina, som òg strekkjer seg inn i Romania i sør. Byen ligg 248 meter over havet og er omgjeve av skogar og sletter. Elva Prut renn gjennom byen.

Klima

Meir informasjon Vêrdata for Tsjernivtsi, Jan ...
Remove ads

Historie

Thumb
Måleri av Anastasija Markovitsj i høve 600-årsjubileet til byen.

Frå 1775 var Tsjernivtsi ein del av den austerrikske provinsen Bukovina; før denne tida hadde byen høyrt til det rumenske fyrstedømmet Moldavia. Dei bukovinske byane Siret og seinare Suceava var dei første hovudstadene i fyrstedømmet. Da Austerrike-Ungarn vart oppløyst i 1918 vart området kring Tsjernivtsi innlemma i Romania, og slik vart det verande til 1940, då området vart okkupert av Sovjetunionen. I løpet av andre verdskrigen vart området tilbakeført til Romania, men deretter teke over av Sovjetunionen att og innlemma i Den ukrainiske sovjetrepublikken. Sidan 1991 har Tsjernivtsi vore del av det sjølvstendige Ukraina.

Tsjernivtsi var staden for den aller første jiddische språkkonferansen.

Folkesetnad

1. januar 1998 var folketalet i byen ca. 295 000. Av desse var ca. 172 000 ukrainarar, 46 000 russarar, 29 000 rumenarar (av desse ca. 15 000 moldavarar), 7 000 polakkar.

Ifølgje den offisielle ukrainske folketeljinga frå 2001 var folketalet på det tidspunktet ca. 240 600 og talet på nasjonalitetar 65. Av desse var 189 000 (79,8 %) ukrainarar, 26 700 (11,3 %) russarar, 14 400 (6,1 %) rumenarar, 1 400 (0,6 %) polakkar, 1 300 (0,6 %) jødar og 2 900 (1,2 %) høyrde til andre folkegrupper.

I 1930 var befolkninga ifølgje ei rumensk folketeljing 26,8 % jødisk, 23,2 % rumensk, 20,8 % tysk, 18,6 % ukrainsk og 1,5 % russisk. Det jødiske samfunnet i byen talde om lag 50 000 menneske, og ca. helvta av dei overlevde krigen takk vere intervensjon frå ein rumensk advokat og reserveoffiser som heitte Theodor Criveanu.

I Romania blir byen Cernăuţi rekna å ha ei rik historie som eitt av dei viktigaste rumenske kultur- og utdanningssentera.

Romania opna generalkonsulat i Tsjernivtsi i mai 1999.

Remove ads

Folk frå Tsjernivtsi

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading content...
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads