Tsjeko
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Tsjeko er ein liten innsjø i Sibir, nær elva Podkamennaja Tunguska. Han er 708 meter lang, 364 meter brei og om lag 50 meter djup.
Forskarar har spekulert i om Tsjeko vart danna under Tunguskahendinga, ein eksplosjon 30. juni 1908 som øydela meir enn 2 000 km² sibirsk taiga.[1] Ei undersøking i 1961 viste at innsjøen var minst 5000 år gammal, basert på metertjukke avleiringar på botn av innsjøen,[2], men nyare forsking har tyda på at berre ein meter med sediment på botn av ein innsjø med «normal innsjøsedimentering» indikerer ein mykje yngre innsjø på om lag 100 år.[3] Lodding av innsjøbotn har støtta denne hyoptesen og viste ei konisk form på innsjøbotn, som ein ofte ser for nedslagskrater. Innsjøen strekker seg òg mot episenteret av Tunguskaeksplosjonen, om lag 7 km lenger borte.[4] Magnetiske målingar indikerer òg ein mogeleg meterstor steinblokk på botn av det djupaste punktet i innsjøen, som kan vere ein bit av kollisjonslekamen.[4] Forskarar ved Universitetet i Bologna skal utforske lekamen, 10 meter under innsjøbotn, i 2009.[5]
Gareth Collins og Phil Bland frå Imperial College i London viser derimot til at fleire av trea rundt innsjøen er eldre enn 100 år og tyder på at innsjøen derfor ikkje kan ha vorte danna av eit nedslag i 1908.[5]
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads