Tsjernobylsona

From Wikipedia, the free encyclopedia

Tsjernobylsona
Remove ads

Tsjernobylsona er det offisielle sperreområdet kring atomkraftreaktoren som eksploderte i 1986.[1] Området vert òg ofte berre kalla Sona.[1] Sona vart oppretta kort tid etter katastrofen i 1986 av det sovjetiske militæret, først i ein radius på 30 km kring atomkraftverket. Det vart opphavleg sett under militær kontroll.[2][3] I dag dekkjer sona eit mykje større område og vert styrt av Beredskapsdepartmentet i Ukraina. Sjølve atomkraftverket og sarkofagen som dekkjer den øydelagde reaktoren vert styrt separat.

Kjappe fakta Land, Oblast ...

Sperreområdet dekkjer eit område på kring 2 600 km²[4] i Ukraina kring Tsjernobyl atomkraftverk der den radioaktive forureininga frå nedfallet er størst og offentleg tilkomst og busetjing er avgrensa. Sona grensar til Kviterussland i nord.

Føremålet med sperreområdet er å avgrensa tilkomsten til farlege område, redusere spreiinga av radioaktiv forureining og utføre radiologiske og økologiske overvakingar.[5] I dag er området eit av dei mest radioaktivt forureina områda i verda og trekkjer til seg stor vitskapleg interesse på grunn av dei høge strålingsdosane som er påførte miljøet, og ein aukande grad av turisme.[6]

Geografisk dekkjer sona dei nordlegaste rajonane (distrikta) i Kiev og Zjytomyr oblast i Ukraina.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads