Tsju
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Tsju (russisk Чу, Tsju; kirgisisk Чүй, Tsjuj; kasakhisk Шу, Sju) er ei elv nord i Kirgisistan og sør i Kasakhstan. Ho er litt over 1 000 kilometer lang og er ei av dei lengste elvane i Kirgisistan.
Tsju spring ut frå dei nordlege kirgisiske fjellkjedene vest i Tian Shan. Ho renn berre eit par kilometer frå Issyk-Kul (nær Balyktsji) utan at ho faktisk renn ut i innsjøen og snur i staden nordvestover. Etter ho har passert den smale Boomravinen (russisk Boomskoje usjtsjlje) renn ho ut i den relativt flate Tsjudalen, der den kirgisiske hovudstaden Bisjkek og den kasakhstanske byen Sju ligg. Mykje av vatnet til Tsju vert nytta til vatning i Tsjudalen, både på den kirgisiske og den kasakhstanske sida.
I Tsjudalen dannar Tsju grensa mellom Kirgisistan og Kasakhstan i meir enn 100 km, men renn så lenger inn i Kasakhstan, der ho som mange andre elvar som renn frå Nord-Kirgisistan til slutt berre forsvinn på steppa.
I mellomalderen var området strategisk viktig. Her låg Suajub, hovudstaden til Det vestlege tyrkiske khaganatet, og Balasagun, hovudstaden i Kara-Khitan.
Tsuj oblast, det nordlegaste og folkerikaste olbastet i Kirgisistan, er kalla opp etter elva. Det same er Tsju-gata, hovudgata i Bisjkek, og byen Sju i provinsen Zjambyl i Kasakhstan.
- I Boomravinen
- Tsjudalen nedanfor Tokmok
- Tsjudalen nær Miljanfan
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Chu River» frå Wikipedia på engelsk, den 13. januar 2008.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads