Bisjkek

From Wikipedia, the free encyclopedia

Bisjkek
Remove ads

Bisjkek er hovudstaden og den største byen i Kirgisistan. I 2023 hadde byen rundt 1,15 millionar innbyggarar.

Kjappe fakta Land, Areal ...

Byen ligg midt i elvedalen til Tsju.[2] I 1825 bygde khanen av Kokhand ei festning her som forsvar mot russisk ekspansjon. Russland tok likevel makta over området i 1860, og skipa den moderne byen her i 1878.[3]

Bykjernen har breie alléar i eit rutenett, fleire parkar og frukthagar,[4] med gamle marmor-bygningar som er kombinert med bygningar og leilegheitskompleks i sovjetisk stil.

Remove ads

Namn

kirgisisk er bisjkek ein type stav som blir bruka til å laga ein tradisjonell drikk av gjæra hoppemjølk, kumis.[5][6] Bynamnet er også blitt tolka som ei forvansking av det opphavlege sogdiske namnet, Peshagakh, som kan tyda ‘stad under fjella’. Ei anna forklaring er at det viser til ‘fem riddarar’ som etter soga slost om herredøme over Tsju-dalen. Russarane kalla han Pisjpek. Frå 1926 til 1991 var byen kjent som Frunze, etter bolsjevik-kommandøren Mikhail Frunze. Namnet «Bisjkek» blei gjeninnført etter ei folkerøysting i 1991.[3]

Remove ads

Historie

Thumb
Den breie hovudgata, Sovjetskaja, i Bisjkek sentrum.

Bisjkek har opphav ved ein festning i Kokhand-khanatet skipa i 1825. I 1864 blei festningen jamna med jorda, men busettinga blei gjenoppretta i 1878 av det russiske styret. I 1926 blei byen døypt om til Frunze etter Mikhail Frunze, ein lokal leiar som bidrog til å dempe motstanden mot den bolsjevikske regjeringa.

Etter brotet med Sovjetunionen blei Kirgisistan uavhengig i 1991 og byen blei på nytt døypt om til Bisjkek. I dag er det ein pulserande og relativt moderne by, og inneheld blant anna den amerikanske luftvernbasen Ganci. (Russland har eigen luftvernbase nær Kant.)

Remove ads

Stader å sjå

  • Fjellet Tien Shan ligg i bakgrunnen av byen.
  • Fleire statuar av Vladimir Lenin står ennå, og den største er på den andre sida av parlamentsbygningen i ein lauvrik park. Ein sjeldan ryttarstatue av Lenin står i ein stor park ved jernbanestasjonen.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads