Tsodilo
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Tsodilo er ein verdsarvstad i Kalahariørkenen, i Ngamiland nordvest i Botswana. Han omfatter fleire tusen bergmåleri og spor etter menneske og menneskeåtferd frå 100 000 år sidan og fram til våre dagar.

Foto: Joachim Huber

Foto: Joachim Huber
Tsodiolo-området er rundt 10 km² stort og omfattar over 4 500 måleri. Området blei teke med i UNESCO-verdsarva i 2001.
Åsane er heilage for sanfolk som bur i området, som har mange soger knytte til det. Mytene deira fortel at dei blei skapt av ein pytonslange, som også laga spor i Tsodilo-landskapet. I 2006 fann Sheila Coulson frå Universitetet i Oslo dei eldste kjende spora etter menneskelege ritual i ei åshóle — ein utskoren pytonslange som ho meiner reiskapar har vore ofra til for 70 000 år sidan.
Remove ads
Kjelder
- Tsodilo, UNESCO World Heritage Centre
- «Verdens eldste rituelle handling: Tilba pytonslangen for 70 000 år siden», Apollon (30. november 2006), 2006, arkivert frå originalen 4. februar 2007, henta 13. november 2009
- Robert Roy Britt (2006), «Startling Discovery: The First Human Ritual», LiveScience (30 November 2006)
Bakgrunnsstoff
Denne historieartikkelen som har med Botswana å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. |
Remove ads
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads