Turgajhavet

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Turgajhavet eller Vest-Sibir-havet var eit grunnhav i mesozoikum og kenozoikum. Det strekte seg frå dagens Kaspihavet til arktiske strøk og varte frå mellomjura til oligocen, for om lag 160 til 29 millionar år sidan.[1]

Turgajhavet eksisterte ikkje kontinuerleg gjennom heile denne perioden, men varte ved og dominerte området og delte Sør-Europa og Sørvest-Asia i mange store øyar, samt skilde Europa frå Asia.[2]

Turgajhavet har fått namn etter elva Turgaj i Kasakhstan.

Remove ads

Sjå òg

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads