Turn-EM 1977/Kvinner
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Europameisterskapen 1977 i turn for kvinner, den 11. i sitt slag, vart avvikla i Praha i dåverande Tsjekkoslovakia helga 13. og 14. mai. Utøvarar frå 23 ulike land deltok i meisterskapen.
Rumenske Nadia Comăneci forsvarte europameister-tittelen i mangekamp frå Skien to år før. Ho vann også ein gullmedalje i skranke. Jelena Mukhina frå Sovjetunionen vann tre gullmedaljar: bom, skranke, frittståande, i den sistnemnde øvinga delte ho fyrsteplassen med landskvinna Marija Filatova. Nelli Kim, også ho Sovjetunionen, vart tildelt gullmedaljen i hopp.
Romania sine utøvarar trekte seg frå dei to siste apparat-finalane då Comăneci vart frådømt sigeren i hopp-finalen, etter ein protest frå Sovjetunionen.
Dei norske deltakarane Hanne Kraft-Johanssen, Trine Andresen og Janne Bore vart høvesvis nummer 33, 48 og 59.
Remove ads
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Turn-Europameisterschaften 1977 (Frauen)» frå Wikipedia på tysk, den 12. mars 2024.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads