Turn of the Tides
studioalbum av Tangerine Dream From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Turn of the Tides er det 49. albumet og det 22. studioalbumet til det tyske electronicabandet Tangerine Dream. Det er det første studioalbumet deira med saksofonisten Linda Spa og gitaristen Zlatko Perica som fulltidsmedlemmar i bandet. ALbumet vart nominert til Grammyprisen for beste new age-album i 1995.
Gruppa vart langsamt mindre kjend for det generelle publikum etter dette albumet og fram til Quantum Gate i 2017, som skapte fornya interesse i gruppa. Det er det einaste studioalbumet deira med Zlatko Perica som offisielt medlem i gruppa.
Remove ads
Bakgrunn
I ei vidareutvikling av musikken deira, heldt Tangerine Dream fram den musikalske metoden dei hadde presentert på dei tidlegare Miramar-utgjevingane deira. I tillegg til elektronisk utstyr, brukte Tangerine Dream gitar, saksofon og korvokal. Men stilen deira vart òg utvida, som ein kan sjå i bruken av flamencogitar på «Firetongues», akustisk gitar på «Twilight Brigade» og andre spor som verka å skape ein meit atmosfærisk stil. I følgje CD-heftet er desse spora baserte på ei novelle skriven av Edgar Froese, som eit konseptalbum. Heftet forklarer at soga er henta frå ei bok kalla The Coachman's Tales, sjølv om det ikkje finst ei bok med denne tittelen. Jayney Klimek, som deltok på albumet Dreamtime, syng på songen «Galley Slave's Horizon». Opningssporet er ei omarbeidd utgåve av Modest Mussorgskij-stykket Pictures at an Exhibition.[2] Nyutgjevinga av albumet kom med eit bonusspor kalla «Story of the Brave», som opphavleg vart gjeven ut på ein promoplate for albumet.[3]
Dette albumet kom ut på ny i 1996 og 1999, og så igjen på Membran i 2009.[4]
Remove ads
Innhald
Remove ads
Medverkande
- Tangerine Dream
- Edgar Froese - gitar, klaverinstrument, trommer
- Jerome Froese - gitar, klaverinstrument, trommer
- Linda Spa - saksofon, klaverinstrument.
- Zlatko Perica - gitar
- Andre medverkande
- Jayney Klimek - vokal
- Julie Ocean - vokal
- Vienna Horn Ensemble
- Teknisk
- Roland Braunstein – lydteknikar
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads