Tusseflaggermus
pattedyrart From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Tusseflaggermus (Pipistrellus pipistrellus) er ei flaggermus i glattnasefamilien. Fram til 1998 vart denne arten og dvergflaggermus rekna som éin art.[1] Flaggermusa lever i mesteparten av Europa nord til Sør-Skandinavia, dessutan i Sentral-Asia, Kina og andre førekomstar i Asia. I mange av desse områda er ho ein av dei vanlegaste flaggermusartane. Arten lever gjerne i bygningar i tettbygde strøk.[2] Tusseflaggermusa vart ikkje observert i Noreg før i eit lydopptak i 2007, i Stavanger,[3] men ho kan fort forvekslast med dvergflaggermus eller trollflaggermus. Det har oppstått tvil i kva grad tusseflaggermus (Pipistrellus pipistrellus) faktisk finst i Noreg. Funnet frå Stavanger kan i lys av nyare forsking ikkje bli sett på som sikkert. Verken reproduksjon eller gjentakande besøk har vorte dokumenterte. Arten må dermed kategoriserast som NA (arten er ikkje etablert med fast reproduserande bestand hos oss, og < 2 % av global populasjonsstorleik oppheld seg regelmessig i Noreg (gjest)).[1]
Remove ads
Fotnotar
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads