Tveit prestegard
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads

Tveit prestegard (gnr./bnr. 110/1) ligg like sørvest for Tveit kyrkje i Kristiansand kommune i Vest-Agder.
Hovudbygningen er lafta i to etasjar og vart oppført mellom 1812 og 1820.[1] Ved ei omfattende vøling i 1884–87 vart bygningen utvida med ei kontorfløy på vestre gavlvegg. Bygningen har liggjande panel utvendig. Det vart gjort om på romfordelinga i 1960-åra. Prestegarden vart freda i 1991.
Også ein gravhaug i prestegardshagen er freda.[2] Det er elles gjort diverse funn i prestegardsområdet.[3]
Tveit prestegard er staden der Tveit formannskapsdistrikt (kommune) vart konstituert 10. januar 1838.[4] Kommunen vart slegen saman med Kristiansand i 1964.
Remove ads
Fotnotar
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads