Twink

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

John Charles Edward Alder (fødd 29. november 1944), betre kjend som Twink, er ein engelsk trommeslagar, songar og låtskrivar, som var ein sentral person i den engelske psykedeliske rørsla. Han var òg skodespelar. I 2006 omvende Alder til islam og byta namn til Mohammed Abdullah, men speler framleis inn musikk som Twink.[1][2]

Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...
Remove ads

Biografi

Alder byrja karrieren sin som trommeslagar for eit rhythm and blues-band frå Colchester kalla Dane Stephens and the Deep Beats i 1963. Då gruppa fekk kontrakt med Decca Records året etter tok dei namnet The Fairies. Alder tok namnet Twink etter ein hårkrem som han ofte fekk i gåve av fansen fordi han hadde langt, krøllete hår. Han dukka opp i 1967 som medlem av det britiske psykedeliske bandet Tomorrow og året etter gav dei ut det einaste albumet sitt. Kort tid etter skipa han det kortvarige The Aquarian Age, som vart oppløyst etter berre ein singel, «10,000 Words in a Cardboard Box».

Han vart så med i The Pretty Things og spelte på den kritikarroste rockeoperaen S.F. Sorrow før han slutta i bandet i 1969. Han gjekk då solo og gav ut det første soloalbumet sitt i 1970, Think Pink. Denne innspelinga førte til skipinga av bandet The Pink Fairies, som Twink skipa med medlemmer av den psykedeliske comboen The Deviants. Etter at dei gav ut debutplata si Never Never Land i 1971, slutta han i gruppa og gjekk inn i gruppa Stars, ein trio som bestod av det tidlegare Pink Floyd-medlemmet Syd Barrett og bassisten Jack Monk. Stars-karrieren vart særs kort. Barrett gjekk av scenen halvvegs gjennom debutkonserten og kom aldri attende.

Resten av tiåret brukte Twink som studiomusikar. I 1975 deltok han på ei innspeling med Pink Fairies før han gav ut solo-EP-en Do It (With the Fairies) tre år seinare. Trass i eit lengre avbrekk frå studio, fortsette Twink å turnere og vart stundom med Pink Fairies på konsertar, og i 1989 gav han ut You Need a Fairy Godmother, eit konsertopptak med det neo-psykedeliske bandet Plasticland. Mr. Rainbow kom ut eit år seinare. Seinare i 1990-åra samarbeidde han med [[Hawkwind]-]grunnleggjaren Nik Turner i bandet 'PinkWind' – eit namn som refererte til Hawkwind/Pink Fairies. Dei hadde jamma i lag tidleg i 1970-åra. Dei gav ut to album. Out of the Pink into The Blues kom ut med Mouse & Twink: Fairies i 1996.

Tidleg i 2000-åra flytta Twink til Marrakesh i Marokko.

Våren 2018 gav Twink og Jon Povey ut eit konseptalbum med musikk inspirert av dikta til Aleister Crowley under namnet Star Sponge Vision kalla Crowley and Me.[3]

Twink har òg arbeidd som skodespelar, første gongen i 1960-åra med filmen Smashing Time med andre medlemmar av Tomorrow som det oppdikta bandet «The Snarks».[4] Utover i 1980-åra arbeidde Twinkk som skodespelar i britisk fjernsyn og dukka opp i mellom anna:

  • 'Allo 'Allo!, ein britisk situasjonskomedie
  • David Copperfield, ein serie i ti delar.
  • Chocky's Challenge, basert på Chocky, ein science fiction-roman av John Wyndham.
  • Lovejoy, ein BBC-serie
Remove ads

Diskografi

Solo

  • Think Pink (1970)
  • «Apocalipstic» / «He's Crying» – 7"-singel (1986)
  • «Space Lover» – 12" maxi-singel
  • «Driving My Car» / «War Girl» – 7"-singel (1987)
  • «Kids Aid» / «Instrumental» – 7"-singel
  • «Psychedelic Punkeroo» / «Seize The Time» – 7«/12»-singel (1990?)
  • Mr. Rainbow – (1990)
  • Festival of the Sun – konsertalbum (1995) (med Nik Turner, som Pinkwind)
  • Purple Haze – konsertalbum (1996) (med Nik Turner, som Hawkfairies)
  • Out of the Pink into The Blues – album (1996?)
  • Pleasure Island – album (1996) (med Paul Rudolph, som Pink Fairies)
  • No Picture – album (1997) (med Paul Rudolph, som The Hawk Fairies)
  • The Lost Experimental Recordings – album (2000 – spelt inn seint i 1960-åra til tidleg i 1970-åra)
  • Think Pink II - album (2015)
  • Think Pink III - album (2018)

Med The Fairies

Med Santa Barbara Machine Head

  • Blues Anytime Vol. 3 – forskjellige artistar (tre spor) (Immediate Records, 1968 – spelt inn 1967)

Med Tomorrow

  • «My White Bicycle» / «Claramount Lake» – 7"-singel (Parlophone Records, 1967)
  • «Revolution» / «Three Jolly Little Dwarves» – 7"-singel (Parlophone Records, 1967)
  • Tomorrow – album (Parlophone Records/Sire Records, 1968)
  • 50 Minute Technicolor Dream – album (RPM Records, 1998 – spelt inn 1967)

Med The Pretty Things

  • S.F. Sorrow – album (Columbia Records/Rare Earth Records, 1968)
  • The Pretty Things/Philippe DeBarge – med Philippe DeBarge, album (Ugly Things Records, 2009 – spelt inn 1969)

Med Aquarian Age

  • «10,000 Words in a Cardboard Box» / «Good Wizard Meets Naughty Wizard» – 7"-singel (Parlophone Records, 1968)

Med Pink Fairies

  • «The Snake» / «Do It» – 7"-singel (Polydor Records, 1971)
  • Never Never Land – album (Polydor Records, 1971)
  • The Lost Experimantal Recordings 1970 – album (Get Back, 2000 – spelt inn vinteren 1969–1970)
  • The Never Never Land And Think Pink Demos – album (Get Back, 2001 – spelt inn vinteren 1969–1970)
  • Live at the Roundhouse – album (Big Beat, 1982 – spelt inn 1975)
  • Kill 'Em and Eat 'Em – album (Demon Records, 1987)
  • Chinese Cowboys: Live 1987 – album (Captain Trip Records, 2005 – spelt inn 1987)

Med The Rings

  • I Wanna Be Free« / »Automobile – 7"-singel (Chiswick Records, 1977)
  • The Rings live at the 100 Club – (1995)

Andre

Meir informasjon År, Tittel ...
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads