Tyrannus

slekt av sporvefuglar From Wikipedia, the free encyclopedia

Tyrannus
Remove ads

Fugleslekta Tyrannus er ei gruppe av tretten store artar av insektetande sporvefuglar i tyrannfamilien som finst over det meste av dei to amerikanske kontinenta. Dei fleste artane har fellesnamnet kongetyrann, engelsk 'kingbird'.

Kjappe fakta
Remove ads

Skildring

Dei fleste artane i slekta Tyrannus er nokså like i storleik og kroppsform, men saksetyrann og gaffeltyrann er unntak med sine ekstremt lange halar. Hannar av gaffeltyrann kan måle 40 cm medrekna halen. Vanleg kroppslengd i slekta er 20–24 cm i total lengd. Dei største kan vere storkongetyrann og karibkongetyrann, begge kring 26 cm. Den kortaste kan vere inkakongetyrann, 18,5–19 cm.

Slekta Tyrannus har nærvære i alle land i Amerika unntatt Chile, til dømes har gaffeltyrann leveområde frå sørlege Mexico over Mellom-Amerika og Sør-Amerika aust for Andes til nordaustlegaste Chubutprovinsen i Argentina. Storkongetyrann er endemisk for Cuba. Austkongetyrann overvintrar i Sør-Amerika sør til Chaco grasland bioregion i Argentina og Paraguay og hekkar i store delar av USA og nordover inn i Yukon og kanskje Nordvestterritoria i Canada. Vestkongetyrann overvintrar i Mexico og Mellom-Amerika, og er hekkefugl i vestre del av USA og sørlege Canada.

Dei føretrekkjer halvopne eller opne område. Desse fuglane sit på ei grein med fri utsikt, ventar på høve og fangar deretter insekt i flukt. Hovudføda er insekt, men somme kan ete av frukter om vinteren. Dei har lange spisse venger og store breie nebb. Kongetyrannar er typisk trekkfuglar, somme sterke trekkfuglar, andre er standfuglar som karibkongetyrann.

Desse fuglane har ein tendens til å forsvare hekketerritoria sine særs aggressivt, ofte jagar dei bort mykje større fuglar. Slektsnamnet tyder «tyrann».

Verdas naturvernunion, IUCN, vurderer alle artar i slekta som lite sårbare. Unntaket er storkongetyrann, Tyrannus cubensis, med status sterkt trua (EN) og minkande populasjon.[1]

Remove ads

Artsoversyn

Slekt Tyrannus i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V15.1, 2025,[2] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[3]

Treliste
  • Sporvefuglar
    • Tyrannfamilien
      • Slekt Tyrannus
        • Inkakongetyrann, Tyrannus niveigularis, Snowy-throated Kingbird, Sclater, PL, 1860, (LC)
        • Tupikongetyrann, Tyrannus albogularis, White-throated Kingbird, Burmeister, 1856, (LC)
        • Tropekongetyrann, Tyrannus melancholicus, Tropical Kingbird, Vieillot, 1819, (LC)
        • Mayakongetyrann, Tyrannus couchii, Couch's Kingbird, Baird, SF, 1858, (LC)
        • Krattkongetyrann, Tyrannus vociferans, Cassin's Kingbird, Swainson, 1826, (LC)
        • Tjukknebbkongetyrann, Tyrannus crassirostris, Thick-billed Kingbird, Swainson, 1826, (LC)
        • Vestkongetyrann, Tyrannus verticalis, Western Kingbird, Say, 1822, (LC)
        • Saksetyrann, Tyrannus forficatus, Scissor-tailed Flycatcher, (Gmelin, JF, 1789), (LC)
        • Gaffeltyrann, Tyrannus savana, Fork-tailed Flycatcher, Daudin, 1802, (LC)
        • Austkongetyrann, Tyrannus tyrannus, Eastern Kingbird, (Linnaeus, 1758), (LC)
        • Gråkongetyrann, Tyrannus dominicensis, Grey Kingbird, (Gmelin, JF, 1788), (LC)
        • Storkongetyrann, Tyrannus cubensis, Giant Kingbird, Richmond, 1898, (EN)
        • Karibkongetyrann, Tyrannus caudifasciatus, Loggerhead Kingbird, d'Orbigny, 1839, (LC)
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads