U-Vox
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
U-Vox er det åttande studioalbumet til det britiske new wave-bandet Ultravox, gjeve ut 9. oktober 1986 på Chrysalis Records. Det var det femte albumet til bandet med Midge Ure og det siste med besetninga bandet hadde hatt sidan 1979, om ein ser bort frå Warren Cann. Bandet vart oppløyst i 1987, men vart samla att i 1992 med ei anna besetning som gav ut to album, styrt av klaverspelaren Billy Currie som det einaste attverande medlemmet. Denne Ure-styrte besetninga kom saman att i 2008. Det var òg det siste Ultravox-albumet som nådde topp 10 på UK Albums Chart, der det nådde niandeplassen.
Remove ads
Bakgrunn
Trass i at det nådde topp 10 i Storbritannia, var det ikkje ein like stor suksess som dei førre Ultravox-albuma i 1980-åra og inneheldt ingen singlar som nådde topp 20. Dei to singlane «Same Old Story» og «All Fall Down» nådde høvesvis 31. og 30. plassen. I tillegg vart trommeslagaren Warren Cann sparka frå bandet før innspelinga og vart erstatta av Mark Brzezicki frå Big Country. Stilen dei vart utvikla bort frå den elektroniske rocken dei hadde spelt på Lament mot til dømes ein keltisk stil på «All Fall Down», der The Chieftains var gjesteartistar. Det siste sporet på albumet, «All in One Day», vart arrangert og dirigert av George Martin.
U-Vox vart det siste Ultravox-albumet med Midge Ure før bandet vart oppløyst i 1987. Besetninga kom saman att i 2008 for ein turné og spelte inn eit nytt album, Brilliant, som kom ut i 2012.
EMI Gold gav ut ei ommastra utgåve av U-Vox i 2000 med bonusspor. Ei ommastra luksusutgåve kom ut i 2009 med ei ekstra bonusplate med fleire B-sider, miksar og demoar.
Remove ads
Innhald
Alle spor skrivne av Chris Cross, Billy Currie og Midge Ure
Remove ads
Medverkande
Ultravox
- Mark Brzezicki - trommer
- Chris Cross - bass, synthesizer, korvokal
- Billy Currie - klaverinstrument, fiolin, synthesizer
- Midge Ure - gitar, solovokal
Gjestemusikarar
- Beggar & Co Horns – blåsarar på «Same Old Story»
- Carol Kenyon – korvokal på «Same Old Story» og «The Prize»
- Kevin Powell – bass på «Sweet Surrender»
- Derek Watkins, Gary Barnacle, John Thirkell, Pete Thoms – blåsarar på «The Prize»
- The Chieftains – instrument på «All Fall Down»
- George Martin – arrangør og dirigent på «All in One Day»
Salslister
Salstrofé
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads