Ufaelva

From Wikipedia, the free encyclopedia

Ufaelva
Remove ads

Ufa (russisk Уфа, basjkirsk Ҡариҙел, Qaridhel) er ei elv i Tsjeljabinsk oblast, Sverdlovsk oblast og Basjkortostan i Russland og ei av sideelvane til Belaja frå høgre i nedslagsfeltet til Volga.

Kjappe fakta Land, Nedslagsfelt ...

Ho er 918 km lang med eit nedslagsfelt på 53 100 km².

Ho spring ut frå innsjøen Ufimskojeved Uraltauryggen i Uralfjella. Ho startar som ei fjellelv og renn i ein trong dal. I den midtre delen er det fleire stryk, medan den nedre delen er rolegare og svingete.

Thumb
Ufa om hausten

Elva har ei middelvassføring på 388 m³/s, men på det meste har det vorte målt 3740 m³/s og på det minste 55 m³/s.

Elva frys til i slutten av oktober eller tidleg i desember og vert isfri att i april eller tidleg i mai. Palovskaja vasskraftverk ligg ved elva.

Ved munningen av elva ligg byen Ufa.

Remove ads

Sideelvar

Busetnader

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads