Ufa

by i Russland From Wikipedia, the free encyclopedia

Ufa
Remove ads

Ufa (russisk skrift Уфа́; basjkirsk Өфө, Öfö; tatarisk Уфа, Ufa; tsjuvasjisk Ӗпхӳ, Ephü) er hovudstaden i republikken Basjkortostan og den ellevte største byen i Russland med like over 1 million innbyggjarar.

Kjappe fakta Ufa Уфа, Plassering ...

Ufa er eit av industrisentra i dei vestlege Uralfjella og ligg der elvane Belaja og Ufa renn saman. Av industriar i byen finst produksjon av elektrisk utstyr og gruveutstyr, oljeraffineri, petrokjemikalar, syntetisk gummi og prosessert mat. Ufa lufthamn har samband til fleire byar i Russland, og til Armenia, Aserbajdsjan, Tyskland, Tyrkia og Usbekistan. Det ligg òg ein mindre flyplass, Ufa Maksimovka lufthamn, nordaust for byen.

Av utdanningsinstitusjonar finn ein mellom anna Basjkir statsuniversitet.

Remove ads

Historie

Byen voks opp rundt ei festning bygd etter ordre frå Ivan IV i 1574 og hadde opphavleg namn etter åsen festninga stod på, Tura-Tau. Byen vart etter kvart kalla «Ufa», som tyder 'liten' på tyrkisk, av dei lokale innbyggjarane og namnet vart verande. I 1802 vart Ufa hovudstaden i Basjkira.

I 1918 var Ufa residens for den provisoriske allrussiske regjeringa.

Av kjende innbyggjarar frå Ufa finn ein mellom anna dansaren Rudolf Nurejev, ishockeyspelarane Andrej Ziuzin, Alexander Semak og Igor Kravtsjuk, rockesongarane Zemfira og Juri Sjevtsjuk, som er frontmann i DDT, og økonomen Elvira Nabiullina, som vart sentralbanksjef i Russland i 2013.

Remove ads

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Ufa


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads