Uglesvaler

slekt av seglarfuglar From Wikipedia, the free encyclopedia

Uglesvaler
Remove ads

Uglesvaler (Aegotheles) er ei biologisk slekt av små nattaktive fuglar med slektskap til natteramnar og froskemunnar. Slekta er monotypisk i uglesvalefamilien Aegothelidae som òg er monotypisk i sin orden Aegotheliformes. Dei fleste uglesvaler lever på Ny-Guinea, men nokre artar finst òg i Australia, Molukkane og Ny-Caledonia.

Kjappe fakta
Remove ads

Uglesvaler er insektetarar som jaktar mest i lufta, men nokre gonger på bakken. Fjørdrakta er mjuk i kamuflerande farger i brunt med lysare nyansar. Dei har ganske små, svake føter, men større og sterkare enn hos froskemunnar og natteramnar. Nebbet er lite, men opnar seg usedvanleg breitt, og er omgjeve av framståande bustar. Vengene er korte, med 10 primære svingfjører og ca. 11 sekundære svingfjører; halen lang og avrunda.

Remove ads

Artsliste

Uglesvaler i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V11.2, 2021,[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[2]

Orden Aegotheliformes

Familie Aegothelidae
Slekt Aegotheles
  • Storuglesvale, Aegotheles insignis, Feline Owlet-nightjar, Salvadori, 1876, (LC)
  • Prikkuglesvale, Aegotheles tatei, Starry Owlet-nightjar, Rand, 1941, (DD)
  • Molukkuglesvale, Aegotheles crinifrons, Moluccan Owlet-nightjar, (Bonaparte, 1850), (LC)
  • Vatreuglesvale, Aegotheles wallacii, Wallace's Owlet-nightjar, Gray, GR, 1859, (LC)
  • Berguglesvale, Aegotheles albertisi, Mountain Owlet-nightjar, Sclater, PL, 1874, (LC)
  • Sotuglesvale, Aegotheles savesi, New Caledonian Owlet-nightjar, Layard, EL & Layard, ELC, 1881, (CR)
  • Nettuglesvale, Aegotheles bennettii, Barred Owlet-nightjar, Salvadori & D'Albertis, 1875, (LC)
  • Arfakuglesvale, Aegotheles affinis, Vogelkop Owlet-nightjar, Salvadori, 1876, (DD)
  • Australuglesvale, Aegotheles cristatus, Australian Owlet-nightjar, (Shaw, 1790), (LC)
Remove ads

Kjelder

Loading content...

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads