Ulan-Ude
by i Russland From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Ulan-Ude[a] er hovudstaden i Republikken Burjatia i Russland. Han ligg rundt 4500 km aust for Moskva og 100 km søraust for Bajkalsjøen. Byen har om lag 435 000 innbyggjarar.
Han ligg ved foten av fjellkjedene Khamar-Daban og Ulan-Burgasy-fjella, like ved staden der elva Selenga renn saman med sideelva Uda som deler byen i to.
Remove ads
Historie
Busetnaden Udinskoje (russisk Удинское) vart grunnlagd i 1666 som ein overvintringsstasjon av kosakkar. I 1775 fekk han byrettar under namnet Udinsk, som vart endra til Verkhneudinsk (russisk Верхнеу́динск) i 1783. På grunn av den geografiske plasseringa voks byen raskt og vart eit viktig handelssenter som knytte Russland til Kina og Mongolia. Etter ein stor brann i 1878 vart byen gjenoppbygd heilt frå grunnen av. 27. juli 1934 fekk byen det noverande noverande namn Ulan-Ude (burjatisk for Raude Uda).
Remove ads
Økonomi og næringsliv
Byen er det kulturelle og økonomiske senter i Transbajkal-området.
I Ulan-Ude ligg Den statlege flyfabrikk Nr. 99 , som mellom anna produserer flytypane Mil Mi-14,Mil Mi-8 og Su-25.
Transport
Ulan-Ude er eit knutepunkt mellom den transsibirske og den transmongolske jernbanen.
Ulan-Ude lufthamn (Mukhino) ligg 10 km vest for bysentrum, medan den mindre Ulan-Ude Vostotsjnyj lufthamn ligg 12 km mot aust.
Innanfor byen består kollektivtrafikken av trikkar, bussar og marsjrutka (rutetaxi).
Attraksjonar
Ikkje langt frå Ulan-Ude, nær landsbyen Ivolginsk, ligg eit buddhistisk kloster (Dazan). Byen har òg eit etnografisk museum, som viser det historiske tilværet av dei forskjellige folkegruppene i regionen: evenkar, urinnvånarane i området, burjatar, eit mongolsk folk som tradisjonelt vedkjenner seg Vajrayana-buddhismen, Semejskije, eit trussamfunn av såkalla gammaltruande og russarar.
Byen er òg kjent for det monumentale minnesmerket over Vladimir Lenin på det sentrale torget i byen, det største Leninhovudet i verda.
Langs elvebreiddene i det historiske sentrumet i byen ligg gamle herskapshus til handelsmenn, rikt dekorert med utskjeringar i tre og stein. Dei representerer utsøkte døme på russisk klassisisme.
Remove ads
Utdanning
Byen har mange institusjonar for høgare utdanning, mellom anna Burjatia statlege jordbruksakademi, Burjatia statlege universitet, Austsibirske statlege akademi for kultur og kunst og Austsibirske statlege teknologiske universitet.
Galleri
- Odigitrievskij-katedralen i Ulan-Ude.
- Leninhovudet i Ulan Ude.
- Eit trehus i Ulan-Ude.
Panorama over Ulan-Ude.
Merknader
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads