Ullsfjord

tidlegare kommune i Troms fylke i Noreg From Wikipedia, the free encyclopedia

Ullsfjord
Remove ads

Ullsfjord er ein kyrkjestad og tidlegare kommune i Troms, som no er del av Tromsø kommune. Staden ligg på vestsida av Sørfjorden. I Ullsfjord ligg Ullsfjord kyrkje.

Kjappe fakta Land, Fylke ...
Remove ads

Ullsfjord kommune 1902-1964

Ullsfjord var del av Lyngen formannskapsdistrikt frå 1837. 1. januar 1902 blei Ullsfjord skilt ut som eigen kommune med 1139 innbyggjarar, under namnet «Sørfjord».

1. januar 1964 blei det meste av Ullsfjord, med 2019 innbyggjarar, slått saman med Tromsø og Tromsøysund kommunar saman med delar av Hillesøy, til den nye Tromsø kommune. Svensbyområdet, på austsida av Ullsfjorden, med 171 innbyggjarar, blei, saman med fastlandsområdet i Karlsøy, innlemma i Lyngen kommune.

Ullsfjordområdet har hatt kraftig nedgang i folketalet dei siste åra. Bygdene som blei overførte til Tromsø kommune i 1964, hadde til saman 860 innbyggjarar den 1. januar 2006.[1]

Folketalsutvikling

Folketalsutvikling for tidlegare Ullsfjord kommune frå 1910 til 1964:

Meir informasjon 1.12.1920, 1.12.1930 ...
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads