Ulster

From Wikipedia, the free encyclopedia

Ulster
Remove ads

Ulster (irsk Cúige Uladh eller Ulaidh; ulsterskotsk Ulstèr) er ein av fire provinsar Irland. Provinsen består av ni grevskap og seks av desse utgjer Nord-Irland, medan dei tre andre ligg i Republikken Irland. Dei seks grevskapa i Nord-Irland er Antrim, Armagh, Down, Fermanagh, Londonderry og Tyrone, medan dei tre i Republikken er Cavan, Donegal og Monaghan.

For andre tydingar av oppslagsordet, sjå ulsterfrakk.
Kjappe fakta Land ...

Namnet Ulster vert av nordirske unionistar (tilhengjarar av Nord-Irland si tilknyting til Storbritannia) som regel berre brukt om dei seks grevskapa i Nord-Irland. Eit alternativt namn som vert nytta av unionistar og av mange i Storbritannia er The Province.

Av dei om lag 1,9 millionar innbyggjarane, bur nesten 1,7 millionar i Nord-Irland, og berre omkring 250 000 i Republikken.

Remove ads

Historie

På 1600-talet var Ulster den siste delen av Irland der gæliske styrkar stod imot engelskmennene. Etter at irane tapte slaget ved Kinsale i 1601, og seinare ved Mountjoy og Dunboy slott, kunne Elisabeth I av England legge heile Irland under den engelske krona.

I 1921, då Den irske fristaten vart oppretta, vart mesteparten av Ulster skild ut som ein del av Det sameinte kongeriket Storbritannia og Nord-Irland.

Remove ads

Flagg

Ulster sitt tradisjonelle flagg er nesten identisk med Nord-Irland sitt uoffisielle flagg, som er utvikla frå dette. Den viktigaste skilnaden er at det nordirske flagget har kvit bakgrunn, og ei krone over den raude handa.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads