Umm Bab

From Wikipedia, the free encyclopedia

Umm Bab
Remove ads

Umm Bab er ein busetnad i Qatar i kommunen Al Rayyan.[1] Han brukte å vere ein del av Al Jemailya kommune før denne kommunen vart slått saman med Al Rayyan.[2] Umm Bab er også kjend som «Palmestranda», på grunn av ei lita gruppe palmar som står på stranda her.[3]

Kjappe fakta Land, Kommune ...

Namnet på busetnaden kjem frå den lokale geografien og tyder «mor til porten». «Porten» syner til ein smal veg eller opning i området mellom to små åsar.[4] I folketeljinga i 2010 hadde staden litt ove 6 000 innbyggjarar.[5]

Remove ads

Historie

Thumb
Umm Bab-stranda.

I 1948, kort tid etter oljeboringa byrja i Dukhan, vart det bygd ein landsby like sør for Umm Bab for å huse arbeidarar for Qatar Petroleum og lokale innbyggjarar i Umm Bab.[6] Same året vart det bygd ein veg frå Umm Bab til Dukhan.[7]

Industri

Umm Bab er ein av berre to stader i Qatar der det finst store mengder kalkstein og leire som lett kan hentast ut. Den andre staden er Umm Salal.[8] I 1965 vart derfor Qatar nasjonale sementselskap oppretta i området.[9] Den første sementen vart laga i 1969 og fabrikken fekk vatn frå Rawdat Rashed og oljeforsyning frå Dukhan.[10]

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads