Unalaska-øya

From Wikipedia, the free encyclopedia

Unalaska-øya
Remove ads

Unalaska (aleutisk Nawan-Alaxsxa[1]) er ei øy i Fox Islands som er del av den større øygruppa Aleutane i Alaska. Unalaska er den nest største øya i Fox Islands og i Aleutane. Byen Unalaska ligg på delar av øya og naboøya Amaknak Island, der ein også finn hamna Dutch Harbor. Innbyggjartalet på øya om ein ikkje tek med innbyggjarane på Amaknak er ifølgje folketeljinga frå 2000 på 1 759.

Thumb
Byen Unalaska på Unalaska-øya.
Thumb
Unalaska-øya i 1972.
Kjappe fakta Land, Stat ...

Øya har eit areal på 2 720 km²; ho er 127,8 km lang og 55,9 km brei. Kystlina skil seg merkbart frå den til andre større øyar i Aleutane, med talrike bukter og nes. Tre lange, store bukter skjer seg inn i øya: Beaver Inlet, Unalaska Bay og Makushin Bay. Terrenget på øya er fjellendt, og høgare område er delt av snø gjennom store delar av året..[2]

«Unalaska» er eit innfødd aleutisk namn. Det finst fleire teoriar om opphavet til namnet, men den mest trulege er at det er ei omforming av det russiske Ounalasjka som igjen kjem frå aleutisk for 'nær fastlandet', nawan Alaskax.

Remove ads

Historie

Øya blei oppdaga av europearar då Vitus Bering kom hit i 1741. Det blei grunnlagd ei russisk busetjing her i 1759, men denne blei øydelagd fire år seinare av aleutar, saman med fire handelsskip.162 russarar blei drepne. Dei overlevande forskansa seg fram til 1764, då dei fekk forsterkningar. Hendinga førte til blodige straffereaksjonar mot aleutane, der rundt 5000 menneske blei drepne.

I 1788 utforska ein ekspedisjon leia av Esteban José Martínez og Gonzalo López de Haro kysten av Alaska til Unalaska-øya. Dette var den vestlegaste utforskinga spanjolar nokon gong gjorde i regionen.[3]

Også i 1788 kom den engelske utforskaren James Cook til øya. Han omtalte henne som «Oonalashka» i dagboka si.[4]

8. desember 2004 grunnstøtte det malaysiske lasteskipet «Selendang Ayu» ved øya og forårsaka eit større oljeutslepp.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads