Unalaska
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads

Unalaska er ein småby i Alaska i USA. Han ligg på øyane Unalaska og Amaknak på Aleutane vest i delstaten. I 2010 hadde Unalaska 4 376 innbyggjarar.
Byen dekkjer eit areal på 549,9 km² der 262,4 km² er vatn. Opp mot 59 % av innbyggjarane bur på Amaknak, der ein også finn hamna Dutch Harbour og Unalaska flyplass.
Staden var opphavleg folkesett av unanganfolk, eller aleutar. Namnet «Unalaska» er ei amerikanisering av det aleutiske namnet Ounalashka som tyder 'nær halvøya'. Russiske pelshandlarar kom til Unalaska med Stepan Glotov og mannskapet hans den 1. august 1759. Namnet «Dutch Harbour» stammar frå at russarane trudde eit nederlandsk skip hadde vore her først.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads