Under the Gun av Poco
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Under the Gun er det tolvte studioalbumet til det amerikanske countryrockbandet Poco, utgjeve i juli 1980. Under the Gun var oppfølgjarne til det kommersielle gjennombrotet til Poco, Legend.
Remove ads
Bakgrunn
Legend var komen ut i november 1978 på ABC Records like før selskapet vart kjøpt opp av MCA. I eit intervju i juni 2013 med SoundPress.net Radio Network, fortalte Paul Cotton at MCA kravde at Poco skulle prøvespele før dei fekk lov å spele inn for MCA.
Tittelsporet vart gjeve ut på singel, men nådde berre 48. plassen på Billboard Hot 100. Ein annan Paul Cotton-song, «Midnight Rain», gjorde det dårlegare og nådde berre 74. plassen. Dermed selde heller ikkje albumet like godt som Legend.
Remove ads
Mottaking
Allmusic-skribenten William Ruhlmann kalla albumet «eit arbeidsliknande, men lite merkverdig forsøk.»[1]
Innhald
Medverkande
- Paul Cotton – gitar, vokal
- Rusty Young – steelgitar, gitar, vokal
- Charlie Harrison – bass, vokal
- Steve Chapman – trommer
- Kim Bullard – klaverinstrument, vokal
- Steve Forman – perkusjon
- Phil Kenzie – saksofon
Produksjon
- Produsent: Mike Flicker
- Lydteknikar: Joe Chiccarelli
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads