Underholdningsavdelingen

From Wikipedia, the free encyclopedia

Underholdningsavdelingen
Remove ads

Underholdningsavdelingen er eit norsk humorprogram som baserar seg på sketsjar og musikalske innslag som vart sendt på NRK1 frå 2013 til 2016.

Kjappe fakta Type, Sjanger ...

Programmet vart sendt på NRK1 for fyrste gong 16. februar 2013 og premieren vart sett av 835 000 sjåarar.[1]

På tross av gode sjåaartal kunngjorde NRK i juni 2016 at programmet ikkje vart fornya og at det var sett på pause inntil vidare.[2]

Remove ads

Format

Programmet er inspirert av det amerikanske humorprogrammet Saturday Night Live, og er i hovudsak basert på sketsjar framført framfor eit studiopublikum i tillegg til sketsjar som er spelt inn på førehand.

Kvart av programma opnar med ein kort monolog der deltakarane i ensemblet ynskjer velkomen til programmet. I den fyrste sesongen var det berre to av medlemma i ensemblet som ynskja velkomen. I avslutninga på kvart program står alle deltakarane samla og takkar sjåaren for å ha sett på.

Det fiktive husbandet Lenny's Orkester er ein fast gjengangar i den fyrste sesongen av Underholdningsavdelingen.

Remove ads

Produksjon


Medlemmar i ensemblet

Sesong 1

Sesong 2

  • Bjarte Tjøstheim
  • Kristin Grue
  • Live Nelvik
  • Robert Stoltenberg
  • Silje Torp
  • Vidar Magnussen
Thumb
Christian Mikkelsen vart ein del av Underholdningsavdelingen frå sesong 3.

Sesong 3

  • Christian Mikkelsen
  • Kristine Riis
  • Martin Beyer-Olsen
  • Robert Stoltenberg
  • Silje Torp
  • Vidar Magnussen
  • Steinar Sagen (vikar i episode 4)

Sesong 4

  • Christian Mikkselsen
  • Christian Skolmen
  • Kristine Riis
  • Martin Beyer-Olsen
  • Silje Torp

Medlemmar på sesongbasis

Meir informasjon Sesong 1, Sesong 2 ...

Faste innslag

  • Nytt på lørdag - første innslag i episode 2 i sesong 1
  • Verdens minste kommentatorboks - første innslag i episode 2 av sesong 3
Thumb
Studioet der Underholdningsavdelingen har blitt spelt inn - på NRK Marienlyst.

Studio

Innslag og sketsjar som er spelt inn framfor publikum er spelt inn i Studio 2 på NRK Marienlyst.

Remove ads

Episodar

Sesong 1

Meir informasjon Episode, Sendedato ...

Sesong 2

Meir informasjon Episode, Sendedato ...

Sesong 3

Meir informasjon Episode, Sendedato ...

Sesong 4

Meir informasjon Episode, Sendedato ...

Mottaking

Programmet fekk blanda mottaking frå kritikarane. Kritikar i VG, Øystein David Johansen, kalla programmet for «tidenes dårligaste lørdagsunderholdning».[4] Dagbladet sin kritikar, Camilla Berg Hansen, var noko meir positiv og beskreiv programmet som «greit og blanda».[5]

Prisar

I 2016 vart Kristine Riis nominert til Komiprisen i kategorien «Årets kvinnelige TV-komiker» og Martin Beyer-Olsen nominert i kategorien «Årets mannlige TV-komiker».[6] Innslaget «Skavlan-parodi» vart nominert i kategorien «Årets TV-øyeblikk», medan Christian Mikkelsen vann kategorien «Årets gjennombrudd».

Kritikk

Ein sketsj i episode 28, som vart sendt 21. mars 2015, vekka reaksjonar blant nokre sjåaarar.[7] Sketsjen handla om ein eigedomsmeklar som prøvde å selja eit dødsbu med tydelege spor etter blod og lik liggjande rundt i bustaden.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads