Underwater Sunlight

studioalbum av Tangerine Dream From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Underwater Sunlight er det 29. albumet og det 16. studioalbumet til det tyske electronicabandet Tangerine Dream, gjeve ut sommaren 1986.

Meir informasjon Tangerine Dream-kronologi ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...

Underwater Sunlight var første gongen Paul Haslinger spelte med Tangerine Dream.[2] Han hadde bakgrunn frå klassisk musikk og det kan høyrast på albumet i form av at songane er langt meir strukturerte enn tidlegare.[1]

Underwater Sunlight låg ei veke på den britiske albumlista med ein 97. plass som høgaste plassering.

Remove ads

Bakgrunn

Kort tid etter Johannes Schmoelling hadde slutta i Tangerine Dream, tilrådde vener av Edgar Froese ein klaverspelar som var aktiv i jazzmiljøet i Wien, Paul Haslinger. Han var berre 23 år gammal då Froese inviterte han til eit studio i Wien i lag med Chris Franke. Først virka det ikkje sannsynleg at Hasligner, som var ein funkjazz-pianist, skulle kunne erstatte Schmoelling, sidan det var så musikalsk forskjellig frå det Haslinger dreiv med til vanleg. Haslinger var derimot vant til å arbeide hardt og Froese og Franke var tålmodige, og han deltok på ein turné i Storbritannia og USA våren 1986. Då turneen var over vart Haslinger fast medlem i bandet for dei neste fire åra. Det første albumet han deltok på var Underwater Sunlight.[2]

Remove ads

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...

Medverkande

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads