Unfinished Sympathy

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Unfinished Sympathy» er ein song av den engelske gruppa Massive Attack, skriven av dei tre bandmedlemmane Robert «3D» Del Naja, Andrew «Mushroom» Vowles og Grant «Daddy G» Marshall, vokalisten på songen, Shara Nelson og ein av medprodusentane til gruppa, Jonathan «Jonny Dollar» Sharp. Songen vart gjeven ut som den andre singelen frå debutalbumet deira, Blue Lines, på bandet sitt Wild Bunch og distribuert gjennom Circa Records den 11. februar 1991.[1] Singelen vart gjeven ut under det mellombelse namnet Massive for å unngå at songen vart bannlyst på radio sidan han kom ut samstundes med Golfkrigen. Songen var produsert av Massive Attack og Dollar, og nyttar forskjellige element i arrangement, som vokal- og perkusjonssampling, trommeprogrammering og strykeorekster arrangert av Wil Malone. Då singelen kom ut gjekk han til topps i Nederland og nådde topp 20 i fleire land, som Sveits og Storbritannia. Musikkvideoen til singelen vart regissert av Baillie Walsh og er filma i eit einaste langt opptak der Nelson går gjennom eit nabolag i Los Angeles.

Meir informasjon Låtskrivar(ar), Massive Attack-kronologi ...

Songen vart raskt plukka opp som ein banebrytande song i utviklinga av britisk dance-musikk og vart hylla av musikkjournalista for den særeigne produksjonen og vokalen til Nelson. Han vart rangert høgt på årslistene til musikkmagasin over dei beste singlane frå 1991.

Remove ads

Bakgrunn og komposisjon

Nelson hadde kjend medlemmane i Massive Attack då dei framleis var ein del av lydsystem-kollektivet The Wild Bunch i Bristol, og vart introdusert for dei av Adrian Sherwood. Ho hadde sunge vokal på the Wild Bunch-singelen «The Look of Love» i 1986. «Unfinished Sympathy» utvikla seg frå ein song Nelson hadde skrive, som ho tidlegare hadde kalla «Kiss and Tell».[2] Då Nelson song melodien for seg sjølv i Coach House studio i Bristol under innspelinga av Blue Lines, oppfordra bandet og produsenten Dollar ho til å utvikle songen vidare. Bandmedlemmet 3D fortalte «Me tenkte, her er det noko».[3] Bandet, Dollar og Nelson arbeidde på songen under ein jam i studio, ved hjelp av ein trommemaskin, klaverinstrument og vokalen til Nelson. Han fekk det nye namnet sitt som eit ordspel på Schubert sin «Unfinished Symphony» under innspelinga 3D forklarte «Eg hata å setje ein tittel på noko utan eit tema, men med 'Unfinished Sympathy', så byrja med å jamme... og la på orkesteret seinare. Tittelen kom først opp som ein spøk, men passa songen og arrangementet så perfekt at me måtte bruke denne tittelen.»[4]

Orkesterbiten vart opphavleg spelt på synthesizerar, men som DJ Mushroom sa, «Synthen høyrtes for spinkel ut, så me tenkte me trengde verkelege strykarar. Orkesteret endra definitivt kjensla i songen, og gjorde han tyngre, djupare med meir kjensle. Dei var verkeleg gode, men dei trengde fem forsøk fordi dei låg litt bak takten.»[5] Det var Dollar sin ide å bruke eit fullt orkester, og han kontakta den britiske produsenten Wil Malone som arrangerte og dirigerte strykarane på songen. Strykarane vart spelte inn i Abbey Road Studios, London.[6] Som Mushroom seinare sa, så hadde ikkje gruppa rekna med kostnaden av orkesteret i budsjett for innspelinga av Blue Lines, og vart tvungne til å selje ein bil (ein Mitsubishi Shogun) for å betale for strykarane.[5]

«Unfinished Sympathy» er ein triphopsong med trommeprogrammering og scratching av Mushroom som ein del av arrangementet. John Bush frå Allmusic kalla desse elementa referansar til «b-boy-fortida» til gruppa.[7] Den den første stemninga i songen vert lagt fram av «rolege hiphop-rytmar» og samplingar av ein perkusjonsbreak frå «Parade Strut (Instrumental)» av J.J. Johnson.[8] Den originale albumversjonen av «Unfinished Sympathy» har ikkje ei tradisjonell basslinje.[8] Vokal-samplinga av ein mann som syng «hey, hey, hey, hey...» – kjem frå John McLaughlin og Mahavishnu Orchestra sin «Planetary Citizen» – og går att gjennom heile songen.[8][9]

Remove ads

Musikkvideo

Thumb
Eit delvis kart av West Pico Boulevard, der Nelson går i musikkvideoen.

Musikkvideoen for «Unfinished Sympathy» vart regissert av Baillie Walsh, som òg hadde regissert videoen for den førre singelen til Massive Attack, «Daydreaming», og vart filma i eit enkelt, samanhengande opptak frå 1311 South New Hampshire Avenue[10] til 2632 West Pico Boulevard i Los Angeles i California.[11] Nelson går langs fortauet utan å ane eller bry seg om det som skjer rundt ho, med fyllikar, motorsyklistar og handikappa folk.[12] Ein kan sjå 3D (som heng opp eit telefonrøyr) og Daddy G (som skubbar ei handlevogn) er å sjå i bakgrunnen, noko ut av fokus.[13] Mot slutten av videoen, går NElson forbi kamera og held fram ned gata.

Sean O'Hagan frå The Guardian skildra videoen som «ein milepåle i moderne videoproduksjon, meir ein kortfilm som tar pusten frå ein enn ein popvideo».[12] Det engelske rockebandet The Verve gav sidan ei hyllest til videoen i sin eigen video for «Bitter Sweet Symphony» i 1997.[14]

Remove ads

Utgjeving

«Unfinished Sympathy» vart gjeven ut som den andre singelen frå Blue Lines den 11. februar 1991. Sidan singelen kom ut midt under Golfkrigen, vart ordet «attack» mellombels fjerna frå namnet på bandet, etter råd frå managementet og plateselskapet.[9] Namnet «Massive Attack» hadde tidlegare vore rekna som «upatriotisk» av BBC – og namnet vart derfor endra for å hindre at singelen vart bannlyst frå radio.[9] Singelen vart ein kommersiell suksess for gruppa og han klatra høgt på listene i Europa. «Unfinished Sympathy» gjekk til topps i Nederland og vart den første store hitten deira i Storbritannia med ein 13. plass på lista. Singelen nådde topp 10 i Sveits og topp 20 i Tyskland, Flandern og 48. plassen i New Zealand.

Mottaking

Då singelen kom ut vart han hylla av musikkpressa. NME kåra singelen til vekas singel og kalla han «ein intens, varmblodig dansesong.[15] Record Mirror, som òg kåra singelen til vekas singel, skreiv «Den smarte, underdrivne produksjonen tillett både venleiken frå dei svulstige strykarane og kjenslemessige vokalen å skine. Bandet er for smart til å berre kallast ei dance-gruppe, sjølv om dei er ekspertar på rytmar.»[16] Melody Maker kåra singelen til årets singel og skreiv «han vil utan tvil stå att som ein av dei største soulsongane gjennom tidene».[17] Songen vart plassert på åttandeplassen på lista til NME-kritikarane over årets singlar.[18]

I europeisk media har «Unfinished Sympathy» ofte blitt plassert høgt på lister over beste songar gjennom tidene:

  • Sjåarane til MTV2 i Storbritannia kåra songen til beste song gjennom tidene.
  • The Face (UK) – årets singel
  • Melody Maker (UK) – årets singel
  • New Musical Express (UK) – årets 8. beste singel
  • Iguana (Spania) – årets nest beste singel
  • Lyttarane til BBC Radio 2 kåra songen til den 44. beste gjennom tidene[19]
  • Platemeldaren Julie Burchill har omtalt songen som favoritten hennar gjennom tidene.
  • Mr. C frå technogruppa The Shamen meinte songen var den beste frå 1990-åra.[20]
  • Dance-produsenten Darren Tate har skildra songen som favorittsongen hans.[21]
  • Mixmag (UK) – rangert songen på tiandeplassen på lista over dei 100 beste dance-singlane gjennom tidene (1996)
  • New Musical Express (UK) – rangerte songen på 10. plassen på lista over dei 100 beste singlane gjennom tidene (2002)Greatest Singles
  • Q (UK) – The 1001 Best Songs Ever (2003), rangert på 37. plass
  • Q (UK) – Top 20 Singles from 1980-2004 (2004), rangert på 8. plass greatest songs
  • Pitchfork Media beste song frå 1990-åra, rangert på 44. plassen.
Remove ads

Innhald

7" (WBRS 2)
  1. «Unfinished Sympathy» (Nellee Hooper 7" Mix) – 4:34
  2. «Unfinished Sympathy» – 5:12
12" (WBRT 2)
  1. «Unfinished Sympathy» (Paul Oakenfold Mix) – 5:18
  2. «Unfinished Sympathy» (Paul Oakenfold Instrumental Mix) – 5:18
  3. «Unfinished Sympathy» – 5:12
  4. «Unfinished Sympathy» (instrumental) – 4:08
CD (WBRX 2)
  1. «Unfinished Sympathy» (Paul Oakenfold Mix) – 5:18
  2. «Unfinished Sympathy» (Paul Oakenfold Instrumental Mix) – 5:18
  3. «Unfinished Sympathy» – 5:12
  4. «Unfinished Sympathy» (instrumental) – 4:08
12" remixes (WBRR 2)
  1. «Unfinished Sympathy» (Nellee Hooper 12" Mix) – 5:50
  2. «Unfinished Sympathy» (Nellee Hooper Instrumental Mix) – 5:34
  3. «Unfinished Sympathy» (original) – 5:12
2010 Remixes (WBRN 2)
  1. «Unfinished Sympathy» (Congorock Remix)
  2. «Unfinished Sympathy» (Steve Aoki «I Love Techno» Remix)
  3. «Unfinished Sympathy» (Tocadisco og R3hab Remix)
  4. «Unfinished Sympathy» (Paul Van Dyk Remix)
  5. «Unfinished Sympathy» (Oakenfold 2010 Rework)
Remove ads

Medverkande

Innspeling
Musikarar

Remove ads

Lister

Meir informasjon Liste (1991), Plassering ...
Remove ads

Andre versjonar

  • Tina Turner spelte inn songen i 1996 på albumet Wildest Dreams.
  • The Six (med Jasmine Thompson) gav ut ein versjon i mai 2015.[31] Denne nådde 31. plassen i Belgia.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads