Unicorn
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Unicorn er det tredje studioalbumet til den engelske psykedelisk folk-gruppa Tyrannosaurus Rex (seinare kjend som T. Rex). Det kom ut 16. mai 1969 på Regal Zonophone og Blue Thumb, og var det siste Tyrannosaurus Rex-albumet med Steve Peregrin Took.
Remove ads
Innhald og musikk
Unicorn vart spelt inn med Marc Bolan på vokal, gitar, orgel og phonoviolin og Took på perkusjon, bass og piano. På baksida av plateomslaget kan ein sjå Bolan og Took omgjeve av bøker relevante til temaet i songane. Det var mellom andre bøker av William Blake og fotografi av Cottingley Fairies, ein kjend sak om to barnefotografi av påståtte alvar teken nær heimen deira i Yorkshire.
I mellom dei to siste songane på albumet, «The Misty Coast of Albany» og «Romany Soup», les John Peel ei kort soge skriven av Bolan.
Bolan eksperimenterte med ein elektrisk gitar for første gongen på plate og Took spelte mindre congotrommer og meir trommer på dette albumet.[1]
Utgjeving
Unicorn kom ut 16. mai 1969 på Regal Zonophone i Storbritannia og Blue Thumb i USA. Det var det første albumet deira som kom ut i USA. Det nådde 12. plassen på UK Albums Chart.[2]
Unicorn var det siste Tyrannosaurus Rex-albumet med Took. Bolan sparka han etter å ha nekta å inkludere songane til Took på det neste albumet.[3]
I 2004 vart albumet ommastra og gjeve ut på ny på A&M Records.
Mottaking
I ei seinare melding roste AllMusic mange av songane og skreiv at «Cat Black» «opptrer som ein tapt Spector-klassikar, med apoplektisk perkusjon og eit positivt og svevande, ordlaust refreng». Dei skreiv vidare at somme av songane kom før den komplette overgangen frå akustisk til elektrisk musikk og at ein med dette kunne «høyre framtida».[1]
Låtskrivaren og musikaren Luke Haines frå The Auteurs kalla albumet «genialt» og hylla bidraga til Took på albumet.[4]
Innhald
Alle spor skrivne av Marc Bolan
Medverkande
- Tyrannosaurus Rex
- Marc Bolan - akustisk og elektrisk gitar, solovokal, harmonium, orgel, phonoviolin
- Steve Peregrin Took - trommer, bongotrommer, korvokal, afrikansk snakkande tromme, bass, piano
- Andre
- Tony Visconti - produksjon, piano (A5)
- John Peel - forteljing (B8)
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads