Universal Soldier

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Universal Soldier» er ein song skriven og innspelt av den kanadiske visesongaren Buffy Sainte-Marie. Songen vart opphavleg gjeven ut på debutalbumet hennar, It's My Way! i 1964. «Universal Soldier» var ikkje så populær då han først kom ut, men fekk merksemd i visemiljøet. Sainte-Marie sa om songen: «Eg skreiv 'Universal Soldier' i kjellaren i kafeen The Purple Onion i Toronto tidleg i 60-åra. Han omhandlar alle sitt ansvar for krig og korleis den gamle føydale tanken tar livet av oss alle.»

Meir informasjon Låtskrivar(ar) ...
Meir informasjon Låtskrivar(ar), Donovan (USA)-kronologi ...
Remove ads

Donovan-versjonen

I 1965 hadde visesongaren Donovan lært seg songen og nytta eit liknande arrangement som originalinnspelinga til Buffy Sainte-Marie. Innspelinga hans vart gjeven ut på ein EP kalla The Universal Soldier i Storbritannia (15. august 1965, Pye NEP 24219). EPen nådde 5. plass på listene og inneheld i tillegg songane «The Ballad of a Crystal Man», «Do You Hear Me Now» (Bert Jansch) og «The War Drags On» (Mick Softley).

Mangelen på interesse for EP-formatet i USA gjorde at Hickory Records gav songen ut som singel i september 1965 (Hickory 45-1338). Singelen hadde Bert Jansch sin «Do You Hear Me Now?» som B-side. Singelen vart ein liten hit og nådde 53. plass på singellista. Dette gjorde at Hickory Records tok med songen på den amerikanske utgåva av det andre albumet til Donovan, Fairytale i staden for Bert Jansch-songen «Oh Deed I Do».

Remove ads

Andre versjonar

Andre artistar som har spelt songen er The Highwaymen, Glen Campbell, Joan Baez, Phil Ochs, First Aid Kit og Chumbawamba.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads