Glen Campbell

amerikansk gitarist, songar og skodespelar From Wikipedia, the free encyclopedia

Glen Campbell
Remove ads

Glen Travis Campbell (22. april 19368. august 2017) var ein USA-amerikansk rock- og countryartist, gitarist, låtskrivar, programleiar og stundom skodespelar. Han er mest kjend for ei rekkje hittar i 1960- og 1970-åra, og som vert for eit musikk- og komishow kalla The Glen Campbell Goodtime HourCBS frå 1969 til 1972.

Gjennom 50 år i underhaldningsindustrien gav Campbell ut meir enn 70 album. Han selde 45 millionar plater og fekk i alt 12 gullplater, fire platinaplater og ei dobbelplatinaplate. Han hadde i alt 80 songar inne på anten Billboard Country-lista, Billboard Hot 100 eller Adult Contemporary-lista, og av desse nådde 29 av dei topp 10 og ni av dei har nådd toppen av ei av listene. Dei største hittane hans er John Hartford sin «Gentle on My Mind»; Jimmy Webb sin «By the Time I Get to Phoenix», «Wichita Lineman» og «Galveston»; Larry Weiss sin «Rhinestone Cowboy» og Allen Toussaint sin «Southern Nights».

Campbell vart historisk i 1967 då han vann i alt fire Grammy-prisar i country- og popkategoriar.[2] For «Gentle on My Mind» fekk hann to prisar i sjangeren country og «By the Time I Get to Phoenix» gjorde det same i popkategorien. Tre av dei tidelgare hittane hans vann Grammy Hall of Fame Award (2000, 2004, 2008), medan Campbell sjølv har fått Grammy Lifetime Achievement Award i 2012. Han har blitt kåra til årets mannlege vokalist hos både Country Music Association (CMA) og Academy of Country Music (ACM), og fekk prisen årets underhaldar av CMA i 1968. I 1969 spelte Campbell i lag med John Wayne i filmen True Grit, som Campbell vart nominert til Golden Globe for i kategorien beste nykommar. Campbell song tittelsongen som vart nominert til Oscarprisen.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads