University of Pittsburgh

From Wikipedia, the free encyclopedia

University of Pittsburgh
Remove ads

University of Pittsburgh (ofte kalla Pitt) er eit sjølvstendig, delstatstilknytt universitet med forskingsfokus i Pittsburgh i delstaten Pennsylvania i USA. Det vart oppretta i 1787 og er blant dei eldste lærestadene i USA. Det er i tillegg campusar på tre ulike stader i Pennsylvania. Store delar av campus har status som National Historic District.

Kjappe fakta Grunnlagt, Type ...

Her vart det på 1950-talet gjort avgjerande pionerarbeid ved utviklinga av poliovaksinen, under leiing av professor Jonas Salk. University of Pittsburgh Medical Center er enno eit leiande forskingsmiljø innan medisin i USA, og universitetet har generelt høge rangeringar på ei rekkje felt.

Thumb
Cathedral of Learning.
Thumb
Heinz Chapel, University of Pittsburgh.

Lærestadene er:

  • University of Pittsburgh (1787) – 26 860 studentar
  • University of Pittsburgh at Johnstown, PA (1927) – 3 142 studentar
  • University of Pittsburgh at Bradford, PA (1963) – 1 319 studentar
  • University of Pittsburgh at Greensburg, PA (1963) – 1 796 studentar

Skulane ved UoP er:

  • School of Arts and Sciences
  • College of Business Administration
  • Joseph M. Katz Graduate School of Business
  • School of Dental Medicine
  • School of Education
  • Swanson School of Engineering
  • College of General Studies
  • School of Health and Rehabilitation Sciences
  • University Honors College
  • School of Information Sciences
  • School of Law
  • School of Medicine
  • School of Nursing
  • School of Pharmacy
  • Graduate School of Public & International Affairs (GSPIA)
  • Graduate School of Public Health
  • S*chool of Social Work

Ved universitetet var det 33 117 studentar og 2 670 vitskapleg tilsette i 2006, og same året var skulepengane i gjennomsnitt US$ 11 500 for studentar folkeregistrert i Pennsylvania, avhengig av studiestad. Studiane vert gjeve opp til doktorgradsnivå i Pittsburgh og bachelornivå ved dei tre andre lærestadane.

Nobelprisvinnar Wangari Maathai er tidlegare student ved Pitt.

University of Pittsburgh Library System har i alt 4,8 millionar boktitlar.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads