Unser Song für Malmö
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Unser Song für Malmö (USfM, tysk for Vår song for Malmö) er ei tysk musikktevling som vart arrangert 14. februar 2013. Vinnaren fekk representere Tyskland i Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige.
23. november 2012 annonserte Norddeutscher Rundfunk (NDR) at tevlinga ville finne stad i TUI Arena i Hannover 14. februar 2013. Som tidlegare år ville finalen verte produsert i samarbeid med Brainpool, som òg produserte Eurovision Song Contest i 2011 og 2012, og samarbeidet med ProSieben vart dimed avslutta.[1][2]
Tolv bidrag varta valde ut for å tevle i finalen. Utveljinga vart gjort av ein ekspertjury sett saman av sju personar frå NDR, Brainpool og store plateselskap.[3] Elleve av dei tolv bidraga vart offentleggjort 12. desember 2012.[4]
Vinnaren vart vald ut ved ein tredelt røysteprosedyre. I vekene før finalen vart bidraga kringkasta på ni ulike Arbeitsgemeinschaft der öffentlich-rechtlichen Rundfunkanstalten der Bundesrepublik Deutschland-radiokanalar og lyttarane har høve til å røyste på deira favoritt via Internett. Under sjølve tevlinga hadde ein høve til å røysta via telefon og SMS, og ein jury sett saman av fem musikk- og underhaldningsekspertar ville òg røyste. Kvar av dei tre delane av røystinga talde like mykje.[3] Gruppa Cascada vann med songen «Glorious».
Remove ads
Sjå òg
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Germany in the Eurovision Song Contest 2013» frå Wikipedia på engelsk, den 17. desember 2012.
- «Offisiell Eurovision-side» (på tysk). Arbeitsgemeinschaft der öffentlich-rechtlichen Rundfunkanstalten der Bundesrepublik Deutschland/Norddeutscher Rundfunk. Henta 17. desember 2012.
- «Germany picks last contestant» (på engelsk). Eurovision.tv. 21. desember 2012. Henta 27. desember 2012.
Remove ads
Fotnotar
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads