Eurovision Song Contest
årleg, internasjonal musikktevling halden av Den europeiske kringkastingsunionen From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Eurovision Song Contest (ESC) er den årlege musikktevlinga til Eurovision. Han har vorte arrangert av Den europeiske kringkastingsunionen (EBU), sidan 1956.
- Sjå òg Eurovision (fleirtyding).
Remove ads
Kvart medlemsland kan sende ein song som vert sunge på direktesendt fjernsyn og deretter vert røysta på av dei andre deltakarlanda, for å finne den mest populære songen i tevlinga. Tevlinga har vorte kringkasta kvart år sidan 1956 og er eit av dei eldste fjernsynsprogramma i verda. Det er òg ein av dei mest sette ikkje-sportslege hendingane i verda, og dei siste åra har publikumstala vore på mellom 100 til 600 millionar internasjonalt. Eurovision Song Contest vert òg kringkasta utanfor Europa, til dømes i Argentina, Australia, Brasil, Canada, Kina, Colombia, Egypt, India, Japan, Jordan, Mexico, New Zealand, Filippinane, Sør-Korea, Taiwan, Thailand, Uruguay og Venezuela til tross for at dei ikkje deltek. Sidan 2000 har tevlinga òg vorte kringkasta over Internett. I 2006 såg meir enn 74 000 personar i nesten 140 land tevlinga på Internett.
Poenggjevinga i Eurovision Song Contest har skjedd etter fleire ulike system opp gjennom historia, men i dag gjev kvart land poeng i følgjande verdiar etter telefonrøysting: 1, 2, 3, 4, 5, 6, 7, 8, 10, 12. Dersom to eller fleire land står med likt tal poeng til slutt, vinn det landet som har motteke poeng frå flest land. Er stillinga framleis lik, vil tal på mottekne 12-poengarar avgjera, deretter 10-poengarar og så vidare vera avgjerande.
Tradisjonelt arrangerer vinnarlandet tevlinga året etter, vanlegvis ein laurdag i midten av mai i form av eit rundt tre timar langt fjernsynsshow.
Remove ads
Noreg i Eurovision Song Contest
- For meir om dette emnet, sjå Noreg i Eurovision Song Contest.
Noreg har delteke sidan 1960, då Nora Brockstedt deltok med songen «Voi Voi», og vunne tre gongar: I 1985 med Bobbysocks sin song «La det swinge», i 1995 med Secret Garden sin song «Nocturne» og i 2009 med Alexander Rybak sin song «Fairytale». Uttakinga av den norske deltakaren skjer gjennom Melodi Grand Prix.
Deltaking

For å kunne delta må landet vere aktiv medlem i EBU. Aktive medlemmar er dei landa som ligg innanfor Det europeiske kringkastingsområdet eller er medlem i Europarådet.[1]
Det europeiske kringkastingsområde er definert av Den internasjonale teleunionen som:[2]
«Den vestlege grensa til Det europeiske kringkastingsområde går ved den vestlege grensa til Region 1, den austlege ved lengdegraden 40° aust for Greenwich og den sørlege ved breiddegraden 30° nord og inkluderer den vestlege delen av Sovjetunionen, den nordlege delen av Saudi-Arabia og delar av landa som omkrinsar Middelhavet innanfor desse grensene. I tillegg er Irak, Jordan og den delen av Tyrkia som ligg utanfor dei overnemnte grensene inkludert i Det europeiske kringkastingsområde».[3]
Den vestre grensa til Region 1 er trekt vest for Island.
Kva for land som kan delteke er ikkje stadfesta av den geografiske plasseringa innanfor kontinentet Europa, til tross for «Euro» i «Eurovision» – han har heller ikkje noko samband med Den europeiske unionen (EU). Fleire land som geografisk ligg utanfor grensene til Europa har delteke: Israel, Kypros og Armenia i Vest-Asia og Marokko i Nord-Afrika. Kypros og Armenia er medlemmar av Europarådet og Kypros òg medlem i EU. I tillegg har fleire transkontinentale land, som berre har ein del av sitt territorium i Europa delteke: Tyrkia, Russland, Georgia og Aserbajdsjan.[4] I 2015 fekk Australia i Oseania for første gong vere med i tevlinga på grunn av 60-årsjubiléet, trass i at landet ligg utanfor Det europeiske kringkastingsområde og ikkje er aktiv medlem i Den europeiske kringkastingsunionen.[5] Australia har delteke i ESC kvart år sidan.
52 land har delteke minst éin gong, medan to land, Tunisia og Libanon, har meldt seg på, men trekt seg før tevlinga starta.[6] I tillegg har to av landa vorte oppløyst, fyrst Jugoslavia som seinare vart til Bosnia-Hercegovina, Kroatia, Slovenia, Makedonia og Serbia og Montenegro, og så Serbia og Montenegro som seinare vart til Serbia og Montenegro. I 1990 vart Vest-Tyskland sameint på nytt med Aust-Tyskland og landet fekk namnet Tyskland, som dei har delteke med sidan 1991.
Remove ads
Vertskap
- For meir om dette emnet, sjå Vertsbyar for Eurovision Song Contest.
Dei fleste land får arrangementet dekt av kommersielle sponsorar og bidrag frå dei andre deltakarlanda. Tevlinga vert sett på som ein unik moglegheit til å fremme vertslandet som turistdestinasjon. Sumaren 2005 avskaffa Ukraina normal visumplikt for besøkande frå Den europeiske unionen (EU) fordi tevlinga vart halden i hovudstaden Kiev.
Forbredingane til tevlinga startar nokon veker etter at vinnarlandet bekreftar at dei har kapasitet til å arrangere tevlinga. Vertsbyen er som oftast hovudstaden. Dei to største arenaene var Parken i København, med plass til 38 000 personar, då Danmark var vertsland i 2001, og Düsseldorf Arena i Düsseldorf, med plass til 36 000 personar, då Tyskland var vertsland i 2011. Den minste byen som har arrangert tevlinga er Millstreet i Irland. Landsbyen som berre har 1 500 innbyggjarar arrangerte tevlinga i 1993 i Green Glens Arena, som har plass til 8 000 personar.
Vinnarar

- For meir om dette emnet, sjå Vinnarar av Eurovision Song Contest.
Spania, Frankrike, Nederland og Storbritannia vann tevlinga i 1969 av di det ikkje var nokon reglar for kva som skjer om fleire land får like mange poeng. Med reglane ein nyttar i dag ville Frankrike vunne.
Remove ads
Fotnotar
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads