Unsetåa

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

61°59′33″N 11°05′30″E Unsetåa er ei elv i Innlandet fylke. Elva renn gjennom kommunane Rendalen, Tynset og Tolga.

Kjappe fakta Land, Nedslagsfelt ...

Ved Elvål i Øvre Rendalen renn elva saman med elva Tysla og dannar elva Rena.

Nedbørfeltet rommar mange sjeldne plante- og fugleartar, og har varierte og verdfulle kulturminne, mellom anna med fangstgropsystem. Spekdalen har hatt både samisk, norsk og finsk busetjing.

Gjennom Spekehogget renn elva gjennom eit trongt og bratt gjel.

Elva er verna mot kraftutbygging gjennom Verneplan IV for vassdrag til og med samløpet med Neka.

Namnet kan ha samanheng med norrønt unnr, 'bølgje'.

Remove ads

Kjelder

  • NOU 1991:12A Verneplan for vassdrag IV
  • Oluf Rygh: Norske elvenavne Kristiania 1904


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads