Elva Uruguay
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Den ca. 1600 km lange elva Uruguay (spansk Río Uruguay, portugisisk Rio Uruguai) er ei elv i Sør-Amerika som over lange strekk dannar grensa mellom landa Brasil, Argentina og Uruguay, og som til slutt – saman med Paraná – dannar Río de la Plata. Namnet betyr noko sånt som «elva med den fargerike fuglen».
Elva Uruguay oppstår ved samløpet av elva Canoas og elva Pelotas i den sørlege delen av det brasilianske høglandet, på grensa mellom delstatane Santa Catarina og Rio Grande do Sul. Ho renn vestover langs grensa mellom dei to delstatane, og dannar deretter grensa mellom Argentina og Brasil før ho bøyer seg sørover. Frå El Soberbio, litt lenger oppover elva, ligg det 2 km lange fossefallet Salto Yucumã. Dette fossefallet er unikt i verda ved at det spring parallelt med elveløpet. På dei siste ca. 300 km dannar elva Uruguay grensa mellom Argentina og Uruguay, som har fått namnet sitt frå plasseringa si aust for elva («Republikken aust for Uruguay»).
På den siste delen av elvestrekninga langs den uruguayanske sida finst det totalt 13 festningar, som vart bygde på 1800-talet i samband med fridomskampane i landet. Nokre av desse er i dag restaurerte og blir brukte som museum.
Elva Uruguay er farbar med skip opp til Paysandú, men mykje kortare enn «tvillingelva» Paraná, ettersom ho har langt fleire stryk. Det totale elveløpet er ca. 1600 km langt.[2] Nedbørfeltet dekkjer eit område på 365 000 km².[1]
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads


