Ürümqi

From Wikipedia, the free encyclopedia

Ürümqimap
Remove ads

Ürümqi (mongolsk: «fagert beite»)er ein by på prefekturnivå og regionshovudstad i den autonome regionen Xinjiang i Nordvest-Kina. Byen ligg ved foten av Tian Shan-fjella. I Guinness rekordbok held Ürümqi rekorden for å vera byen som ligg lengst unna noka kystlinje. Klimaet i byen er turt med svært varme somrar og svært kalde vintrar.

Kjappe fakta Land Region, Borgarmeister ...
Remove ads

Infrastruktur

Byen er sterkt veksande på grunn av ein medviten innflyttingspolitikk frå kinesisk side, og er no den største byen i Vest-Kina. Størstedelen av innbyggjarane er no Han-kinesarar, og den nest-største gruppa er uigurar. Frå 1990-åra har byen fått både jarn- og stålverk, produksjon av jordbruksmaskiner, samt produksjon av sement, tekstil, kjemiske og petrokjemiske produkt, papir og lêr.

Kommunikasjonen i byen er god, med både jarnbanesamband, eigen flyplass og godt utbygd vegnett. Her ligg også fleire regionsuniversitet og høgskular.

Remove ads

Administrative einingar

Thumb
Nummerert kart over Ürümqi


Prefekturet Ürümqi er delt inn i 9 distrikt og fylke. 4 av desse ligg i byområdet.

  1. Tianshan
  2. Saybagh
  3. Xinshi
  4. Shuimoghou
  5. Toutunhe
  6. Dabanche
  7. Midong
  8. Ürümqi



Kjelder

«Ürümqi» i Store norske leksikon, snl.no. av Cato Næverdal.

  • Engelsk og Bokmålswikipedia om Ürümqi, henta inn 1. april 2011.


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads