Use Your Imagination

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Use Your Imagination er det tredje studioalbumet til det engelske glamrockbandet Mud, utgjeve i desember 1975.

Meir informasjon Mud-kronologi ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...

Etter å ha spelt inn dei to første albuma sine med låtskrivarane og produsentane Nicky Chinn og Mike Chapman, ønskte ikkje Mud lenger å samarbeide med dei. Duoen hadde skrive alle hittane til bandet, som «Tiger Feet» og «Dynamite», medan gruppa hadde skrive sine eigne B-sider. Dei meinte no dei var klare for å halde fram på eiga hand. Den første sjølvskrivne singelen deira, «L'L'Lucy», vart ein hit og nådde tiandeplassen på singellista i Storbritannia, medan albumet Use Your Imagination nådde 33. plassen.[1] Albumet skilde seg noko frå tidlegare album, og hadde ikkje like mange coverversjonar av rockeklassikarar. Berre to av songane er coverversjonar, ein reggaeversjon av The Everly Brothers sin «Bird Dog» og ein versjon av Curtis Lee sin «Under the Moon of Love». Resten skreiv dei sjølv.

Tittelsporet er ein disco-aktig song og skilde seg frå den tidlegare glamrockprega stilen deira.

Allmusic gav albumet 3,5 av 5 stjerner og skreiv: «Ein kan lure på om det var lurt å kvitte seg med Chinn og Chapman, og sjølv om dei snublar eit par gonger, kom Mud opp med eit ganske sterkt album her. Det er ikkje her du hadde starta samlinga di då og ei samling med singlar frå dei tidlege åra deira er definitivt å føretrekke.»[1]

Remove ads

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...

Medverkande

  • Les Gray: vokal, trompet
  • Ray Stiles: bassgitar, vokal
  • Dave Mount: trommer, vokal
  • Rob Davies: gitar, vokal
  • Andy Ball: klaverinstrument
Andre
  • Phil Dennys: strykarar (spor 2, 8, 10)
  • Gonzalez: blåseinstrument (spor 3, 6)
  • Pete Wingfield: piano (spor 4, 5)
  • Ellie: korvokal (spor 7, 9)
  • Harvey Hinsley: steelgitar (spor 9)

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads