Uvac

From Wikipedia, the free encyclopedia

Uvac
Remove ads

Uvac (serbisk kyrillisk Увац) er ei elv i sørvestlege delar av Serbia og Republika Srpska i Bosnia-Hercegovina. Ho er 119 km lang og ei av dei største sideelvane til Lim. Før ho munnar ut i Lim utgjer dei siste 10 km grensa mellom Serbia og Bosnia-Hercegovina.

Kjappe fakta Land, Nedslagsfelt ...

Uvac har sitt utspring på Pešter-platået i Ninajafjellet som Rasanska reka (Cyrillic: Расанска река). Ho møter Brnjička reka (kyrillisk Брњичка река), og går inn i Sjenica-senkinga og vidare frå her som Vapa (kyrillisk: Вапа). Elva tek så imot den korte elva Uvac, som har sitt utspring i fjellet Ozren, og frå her har elva namnet Uvac.

I regionen Stari Vlah er det bygd tre vasskraftverk på elva, og kvar av desse har ein stor kunstig innsjø (opp til 7,3 km²). I den nedre delen av elva renn ho mellom fjella Zlatar og Zlatibor og når så den bosniske grensa. Uvac munnar ut i Lim nord for byen Priboj.

Uvac har eit nedslagsfelt på 1 310 km², og er ein del av tilsigsområdet til Svartehavet. Ved munningen har ho ei middelvassføring på 18 m³/s.

Remove ads

Kjelder


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads