V-2 Schneider

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«V-2 Schneider» er ein stort sett instrumental låt skriven av David Bowie i 1977 for albumet “Heroes”. Det var ein hyllest til Florian Schneider,[1] opphavleg medlem i bandet Kraftwerk, som Bowie var inspirert av på den tida.[2] Tittelen syner òg til V-2-raketten, det første ballistiske missilet, som vart utvikla av den tyske hæren under andre verdskrigen.

Meir informasjon A-side, Låtskrivar(ar) ...

Dei einaste orda som vert sungne er tittelen, først forvrengde med phasing.[3] Musikalsk er sporet uvanleg for ein off-beat saksofon av Bowie. Han byrja sin part på feil note, men heldt fram likevel.[4]

«V-2 Schneider» vart mykje spelt som B-sida til «“Heroes”», som kom ut før albumet, men vart ikkje spelt på den påfølgjande turneen i 1978. Den første konsertframføringa kom 20 år seinare.[3]

Remove ads

Konsertversjonar

Eit konsertopptak frå Paradiso i Amsterdam i juni 1997 kom ut som B-side til singelen «Pallas Athena» i august 1997 under namnet Tao Jones Index.[5] Denne versjonen kom òg ut som bonusspor på Digibook Expanded Edition av Earthling.

Andre utgjevingar

  • Han vart først gjeven ut som B-side på «“Heroes”» i september 1977. Han kom òg ut på den tyske og franske versjonen av singelen, og på ein firespors australsk singel med alle dei tre versjonane av «“Heroes”».
  • Han kom ut på samleplata Chameleon (Australia og New Zealand 1979).
  • Songen er nytta i filmen Christiane F. og på filmmusikkalbumet.
  • Han vart gjeven ut som biletplate i RCA Life Time-serien.
  • Han var med på instrumentalalbumet Bowie sete saman kalla All Saints.
Remove ads

Andre versjonar

  • Philip Glass“Heroes” Symphony (1996)
  • Mandarins Drum and Bugle Corps – 2000

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads