VK
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
VK, tidlegare kjent som VKontakte (russisk Вконтакте) er eit russisk nettsamfunn som har oppnådd stor popularitet i den russiskspråklege delen av verda. Her kan brukarar registrera seg med namn, bilete, interesser og annan informasjon. Nettstaden blei lansert av Pavel Durov i 2006 og hadde i 2013 over 200 millionar brukarkontoar og eit gjennomsnitt på rundt 45 millionar daglege vitjande.[1]

VK blei raskt populært i den russiskspråklige delen av verda og allereie i 2007 passerte dei ein millionar brukarkontoar. I februar 2013 passerte nettstaden 200 millionar brukarkontoar og hadde eit gjennomsnitt på 45 millionar vitjande.[2][1] Ahn var i april 2013 det nest meste vitja nettstaden i Russland og låg på 24. plass dei mest vitja nettstadane i verda.[3] VK er av enkelte blitt omtalt som «den russiske varianten av Facebook».[4]
I 2011 flytta nettstaden frå eit russisk til eit internasjonalt domene, og endra samtidig namn frå VKontakte til VK.[5]
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads