VM i skiskyting 1990
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Verdsmeisterskapen i skiskyting 1990, den 25. i rekka, vart avvikla på tre ulike stader i tida frå 20. februar til 18. mars 1990. Mesterskapen var opphavleg tildelt Minsk i Sovjetunionen. Snøtilhøva var der så dårlege at etter normalprogrammet, 20 km for menn og 15 km for kvinner, var gjennomført, vedtok ein å flytte dei attståande meisterskapstevlingane til Oslo. Før ein fekk fullført den siste VM-øvinga i Holmenkollen, 4 x 7,5 km stafett for menn, la skodda seg så tett at utøvarane ikkje såg blinkane. Dermed vart stafetten avbroten midtvegs, då Noreg låg i tet. VM-stafetten vart så til sist avvikla under verdscuprenna i Kontiolahti i Finland ei veke seinare.
Sovjetunionen sine utøvarar dominerte meisterskapen og vann fire gullmedaljar av totalt ni medaljar. Med tre gullmedaljar og eitt sølv vart sovjetiske Svetlana Davidova den store forgrunnsfiguren i meisterskapen, austtyske Mark Kirchner tok to gull og ein bronse. Deltakarar frå ni land vann ein eller fleire medaljar.
Remove ads
Menn
20 km
Dato: 20. februar 1990
Kvinner
15 km
Dato: 20. februar 1990
Remove ads
Menn
Sprint 10 km
Dato: 10. mars 1990
Lagtevling 20 km
Dato: 8. mars 1990
Kvinner
Sprint 7,5 km
Dato: 10. mars 1990
3 x 5 km stafett
Dato: 11. mars 1990
Lagtevling 15 km
Dato: 8. mars 1990
Remove ads
Menn
4 x 7,5 km stafett
Dato: 18. mars 1990
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Biathlon-Weltmeisterschaften 1990» frå Wikipedia på tysk, den 24. januar 2016.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads