VM i skiskyting 2021
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Verdsmeisterskapen i skiskyting 2021, den 52. i rekka, vart avvikla i Pokljuka i Slovenia i tida 8. – 21. februar 2021. Meisterskapen omfatta fem individuelle tevlingar for kvinner og like mange for menn, dessutan ein mixstafett der kvart land deltok med to kvinner og to menn på laget, samt ein parstafett der ei kvinne og ein mann veksla om å gå kvar sine to etappar.
Tiril Eckhoff og Sturla Lægreid frå Noreg vart dei store framgrunnsfigurane i meisterskapen. Eckhoff sanka fire gullmedaljar og ein medalje av kvar av valørane sølv og bronse, Lægreid vann fire gullmedaljar. Deira landsmann Johannes Thingnes Bø fekk to gull, sølv og bronse, medan Sebastian Samuelsson frå Sverige vann to sølv- og to bronsemedaljar.
Pokljuka arrangerte verdsmeisterskap i skiskyting for sjette gong. Tidlegare meisterskapsarrangement fann stad i 1998, 2001 og 2006.
Remove ads
Menn
10 km
Fredag 12. februar
12,5 km jaktstart
Sundag 14. februar
20 km normal
Onsdag 17. februar
15 km fellesstart
Sundag 21. februar
4 x 7,5 km stafett
Laurdag 20. februar
Remove ads
Kvinner
7,5 km sprint
Laurdag 13. februar
10 km jaktstart
Sundag 14. februar
15 km normal
Tysdag 16. februar
12,5 km fellesstart
Sundag 21. februar
4 x 6 km stafett
Laurdag 20. februar
Remove ads
Mixøvingar
Parstafett 6 km + 7,5 km
Torsdag 18. februar
Mixstafett 4 x 6 km
Onsdag 10. februar
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Biathlon-Weltmeisterschaften 2021» frå Wikipedia på tysk, den 24. februar 2021.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads