Vacsay
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Vacsay (skotsk-gælisk Bhacsaidh eller Bhacsaigh, frå norrønt «bakkiey») er ei av øyane i Ytre Hebridane. Ho ligg vest for Lewis i West Loch Roag. Øya har ein storleik på 0,41 kvadratkilometer og det høgaste punktet er 34 meter over havet.

Remove ads
Historie
Som mange av øyane i nærleiken, var Vacsay busett fram til Highland clearances, som her skjedde i 1827.[1]
Øya vart kjøpt av forretningsmannen Sirdar Baron Iqbal Singh frå London. Han har kjøpt tittelen Lord of Butley Manor og ønskjer å gje Vacsay namnet «Robert Burns' island»[1] eller Eilean Burns,[2].
Geografi og geologi
Vacsay har ei særs forreven kystlinje og er knytt til fleire omliggande småøyar ved lågvatn, som Trathasam og Liacam. Vacsay ligg mellom øyane Vuia Mòr og Pabay Mòr utanfor Great Bernera.
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads