Vadsø

by i Finnmark From Wikipedia, the free encyclopedia

Vadsø
Remove ads

Vadsø er ein by og administrasjonssenteret i Vadsø kommune i Finnmark. Byen ligg på Varangerhalvøya, på nordsida av Varangerfjorden. Vadsø har hatt bystatus sidan 1833, og er administrasjonssentrum i Finnmark. Det bur om lag 5100 menneske i byen, om lag 83 % av folketalet i kommunen.

Kjappe fakta Land, Fylke ...

Avisa Finnmarken kjem ut i Vadsø seks dagar i veka.

Remove ads

Historie

Byen hadde stor innvandring frå Finland på 1800-talet, og innvandringa synest tydeleg i dag gjennom finsk kultur og mange finske etternamn blant innbyggjarane. Vadsø blir difor ofte omtala som «kvenhovudstaden».

Vadsø Sildoljefabrikk la ned produksjonen i 2009.[1]

Før hadde NRK Finnmark sete i byen.[1]

Næringsliv

«54 prosent av de sysselsatte i Vadsø» var per 2016 «ansatt i offentlig sektor. Fjerde høyest i landet», skreiv NRK i 2018.[1]

Samferdsle

Vadsø har hurtigruteanløp.

Vadsø lufthamn ligg i Kiby, rett aust for byen. Widerøe flyg til Tromsø, Alta og Kirkenes. I tillegg er det daglege avgangar til Båtsfjord, Berlevåg, Mehamn, Honningsvåg og Hammerfest.

Kultur

  • Varangerfestivalen er ein blues- og jazzfestival som blir arrangert kvart år i starten av august.
  • Kongekrabbefestivalen Polar spectacle blei første gong arrangert i byen i oktober 2004.
  • Vadsø har fleire idrettslag, mellom anna Vadsø turn, IL Norild og Vadsø Skiklubb
  • Vadsø har også The Arctic Kite Challenge

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads