Valdajhøgdene

From Wikipedia, the free encyclopedia

Valdajhøgdenemap
Remove ads

Valdajhøgdene (russisk Валдайская возвышенность, Valdajskaja Vozvysjennost eller Валдай, Valdaj, latvisk Valdaja augstiene) er eit høgland nordvest i sentrale område av Russland. Området strekkjer seg frå nord til sør om lag midt mellom St. Petersburg og Moskva gjennom Novgorod, Tver, Pskov og Smolensk oblast.

Kjappe fakta Land ...

Åsane er ei nordleg forlenging av Det sentralrussiske høglandet. Ryggen er dekt avleiringar frå tidlegare isbrear som endemorener og andre grusrestar. Valdajhøgdene er høgast nær Vysjny Volotsjiok med 346,9 moh.[1][2][3] Elvane Volga, Daugava (Vestre Dvina), Lovat, Msta, Dnepr og fleire andre har kjeldene sine i Valdaj. Her finst òg mange innsjøar som Volgo, Peno, Seliger, Brosno og Valdajsjøen.[4]

Valdajhøgdene er ein populær turistdestinasjon, særleg for fiske. Byane Ostasjkov and Valdaj er kjende historisek byar.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads