Valdemar den unge
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Valdemar den unge (kring 1209–28. november 1231) var dansk medkonge i åra 1215–1231.
Han var det einaste barnet til Valdemar Sejr] og dronning Dagmar. Allereie då han var seks år gammal tok faren han som medkonge. I 1218 blei han også krona i Slesvig.[1][2]
Under ei jakt på Lyø i Sydfynske Øhav, blei Valdemar og faren tekne til fange av grev Henrik av Schwerin (ca. 1155–1228). Tre år seinare blei dei sleppte fri.
I 1229 gifta Valdemar seg med den portugisiske kongsdottera Eleonore, ei brordotter av Valdemar Sejr si anndre kone Berengária. Eleonore døydde i barselseng allereie i 1231, og barnet deira blei berre eit halvt år gammalt. Sjølv døydde Valdemar av eit vådeskot under ei jakt på Refsnæs i 1231.[1] Forfatter, filolog og prest Laurids Olufsen Kock (ca. 1634–1691) skreiv visa «Jagten paa Refsnæs» til minne om hendinga.[3]
Paret er gravlagd i St. Bendts kirke i Ringsted på Sjælland.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads