Valentigney

From Wikipedia, the free encyclopedia

Valentigneymap
Remove ads

Valentigney er ein kommune i departementet Doubs i regionen Bourgogne-Franche-Comté i Aust-Frankrike. Kommunen ligg i kantonen Valentigney som tilhøyrar arrondissementet Montbéliard. I 2017 hadde han 10 714 innbyggjarar.

Kjappe fakta Land Region Departement, Flatevidd ...

Valentigney er best kjent som staden der Peugeot starta verksemda si. Byen er eit knutepunkt for utviklinga av fransk bilindustri (fleire medlemmer av Peugeot-familien bur framleis i område) og flyindustri (med Étienne Œhmichen).

I løpet av 1800-talet og tidleg på 1900-talet emigrerte mange frå Valentigney og nærliggande område, som Montbéliard til Nordvest-Ohio, spesielt Williams County.[1]

Remove ads

Namn

Namnet Valentigney [valɑ̃tiˈɲe:] kjem frå førenamnet Valentin og suffikset -ey og er skrive som valentinié i eit manuskript frå 1135 ved klosteret Belchamp.[2]

Innbyggjarane vert på fransk kalla Boroillots[3][a] kalla opp etter dei spesielle små fata eller tønnene, boroilles, som vart produserte lokalt.

Merknadar

  1. Uttalt [bɔʁɔjɔ]

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads