Valentin

mannsnamn From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Valentin er eit mannsnamn som stammar frå det latinske Valentinus, som er avleidd frå valens som tyder 'sunn, sterk'.[1] Det kan også vera eit tysk og spansk etternamn.

Valentin kan også skrivast med W, Walentin. Den engelske forma av namnet er Valentine, med kortforma Val. Valentino er ei italiensk form. Namnet finst også på til dømes ungarsk som Bálint, på walisisk som Folant, og på polsk som Walenty. Valentina er ei kvinneleg form av namnet.

Fleire personar i tidleg kristendom heitte Valentin. Ein av desse, den heilage Valentin av Roma, har helgendag på valentinsdagen den 14. februar. Denne datoen har Valentin namnedag i Sverig og Finland, medan Valentinus har namnedag i Danmark.

Remove ads

Kjende namneberarar

  • Keisar Valentinianus III av Vestromarriket
  • Valentinus, gnostikar på 100-talet
  • Pave Valentinus, pave i 827
  • Valentin de Boulogne (ca. 1591–1632), fransk målar
  • Charles-Valentin Alkan (1813–1888), fransk komponist og pianist
  • Valentin Serov (1865–1911), russisk målar
  • Walentin Chorell (1912-1983), finlandssvensk forfattar
  • Valentín Paniagua (1936-2006), peruansk president
  • Jan Valentin Sæther (f. 1944), norsk-amerikansk målar
  • Valentín Elizalde (1979–2006), meksikansk songar
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads