Valentin Porte

From Wikipedia, the free encyclopedia

Valentin Porte
Remove ads

Valentin Porte (fødd 7. september 1990) er ein fransk handballspelar frå Versailles. Han har vunne to gullmedaljar, sølv og bronse i verdsmeisterskap, gull- og sølvmedalje i olympiske sommarleikar og gull- og bronsemedalje i europameisterskap. I 2018 vann han meisterligaen som Montpellier-spelar. Han er venstre rykkromspelar, kan òg vere høgrekant.

Kjappe fakta
Remove ads

Karriere

Landslagsspel

Porte fekk sin landslagsdebut i 2013 og har sidan delteke i 170 landskampar og skåra 405 mål. Med Frankrike sitt mannskap vann han EM-gull i 2014, VM-gull 2015, OL-sølv 2016, VM-gull 2017, EM-bronse 2018, VM-bronse 2019, OL-gull 2021 og VM-sølv 2023.

Klubbspel

Porte spelte på Fenix Toulouse frå 2008 til 2016. Sidan då har han vore aktiv i Montpellier sitt sterke mannskap. 27. mai 2018 var han med på å slå Nantes 32–27 i finalen i meisterligaen. Med sine 64 mål var han lagets toppskårar i turneringa og bidrog, saman med mellom andre kapteinen Michaël Guigou og Vincent Gérard til Montpellier sin triumf.

Merittar

  • OL-gull: 2021 med Frankrike
  • VM gull: 2015, 2017 med Frankrike
  • EM-gull: 2014 med Frankrike
  • OL-sølv: 2016 med Frankrike
  • VM-sølv: 2023 med Frankrike
  • EM-bronse: 2018 med Frankrike
  • VM-bronse: 2019 med Frankrike
  • Vinnar av EHF-meisterligaen: 2018 med Montpellier HB
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads