Valerie Adams
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Valerie Kasanita Adams (fødd 6. oktober 1984) er ein newzealandsk friidrettsutøvar frå Roturoa. Ho vann samtlege gullmedaljar i kulestøyt i verdsmeisterskapane og sommar-OL i tida 2007-13; fire VM-gull og to OL-gull.
Remove ads
Aktiv
193 cm høge Adams vann bronsemedaljen i Helsinki-VM 2005. Året etter støytte ho over 20 meter for fyrste gong, med 20,20 m toppa ho årsstatistikken. Under VM 2007 i Osaka presterte ho personbeste med 20,54 meter og kneip dermed gullmedaljen, seks centimeter framom Nadzeja Ostaptsjuk. Dei komande åra forbetra Adams sin personlege rekord til 20,56 m i 2008 og til 21,07 m i 2010. Ho forsvarte fyrsteplassen i verdsmeisterskapen i så vel 2009, som i 2011 og 2013. Under VM 2011 i Daegu presterte ho sitt livs lengste kulestøyt, 21,24 meter var godt over meteren lengre enn det sølvmedaljør Astapsjuk nådde. Etter 2014 var Adams tidvis hemma av skadar og kom ikkje opp mot tidlegare nivå. Likevel lukkast ho å vinne OL-sølv i 2016 og OL-bronse i 2021.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
- VM i 2003 i Paris: Nr 5 - 18,65 m
- OL 2004 i Aten: Nr 8 - 18,56 m
- VM i 2005 i Helsinki: Bronsemedalje - 19,62, bakom Olga Rjabinkina (19,64 m)
- VM 2007 i Osaka: Gullmedalje - 20,54 m, framom Nadzeja Ostaptsjuk (20,48 m)
- OL 2008 i Beijing: Gullmedalje - 20,56 m, framom Natallja Mikhnevitsj (20,28 m)
- VM 2009 i Berlin: Gullmedalje - 20,44 m, framom Nadine Kleinert (20,20 m)
- VM 2011 i Daegu: Gullmedalje - 21,24 m, framom Nadzeja Ostaptsjuk (20,05 m)
- OL 2012 i London: Gullmedalje - 20,70 m, framom Jevgenija Kolodko (20,48 m)
- VM 2013 i Moskva: Gullmedalje - 20,88 m, framom Christina Schwanitz (20,41 m)
- OL 2016 i Rio de Janeiro: Sølvmedalje – 20,42 m, bakom Michelle Carter (20,63 m)
- OL i 2021 i Tokyo: Bronsemedalje – 19,62 m
Ho var ei tid gift Valerie Vili.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Valderie Adams» frå Wikipedia på engelsk, den 26. april 2022.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads